Matthew Hudson-Smith () er ein britisk friidrettsutøvar frå Wolverhampton som vart europameister på 400 meter i 2018 og 2022, i den siste meisterskapen fekk han også gull i 4 x 400 meter stafett. Sommaren 2023 vann han sølvmedaljen på 400-meteren i VM i Budapest, eitt år seinare gjorde han sitt livs løp og vann OL-sølv i Paris med europarekord-tida 43,44 sekund.
Aktiv Hudson-Smith sigra på 400 meter ved EM 2018, fire år etter han tok EM-sølv på same distansen. Både under Friidretts-EM 2014 og 2016 var han med på Storbritannias lag som vann gull i 4 x 400 meter stafett. Han presterte personbeste på 44,48 sekund i semifinalen på 400 m under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. Frå europameisterskapen 2018 i Berlin reiste han med individuell gullmedalje og stafett-sølv. Sidan vann han bronsemedaljen då verdsmeisterskapen i friidrett 2022 fann stad i USA. Under verdsmeisterskapen 2023 sprang han i semifinalen i mål på tida 44,26, sletta dermed den 36 år gamle europarekorden til Thomas Schönlebde. I sjølve finalen vart han andremann bakom Antonio Watson frå USA. Juli 2024 forbetra Hudson-Smith rekorden sin til 43,74 sekund i London. 7. august i Paris kom han i mål til sølvmedalje i OL-finalen 2024, flytta europarekorden ned til 43,44. Quincy Hall frå USA kneip gullmedaljen med 43,40.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Sølv på 400 m, gull i 4 x 400 meter stafett EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 på 400 m – 44,61 VM 2017 i London: Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Nr 9 på 400 m (44,74 i semifinalen) EM 2018 i Berlin: Gull på 400 m – 44,78. Sølv i 4 x 400 m stafett VM 2019 i Doha: Braut 400 m VM 2022 i Eugene: Bronsemedalje på 400 m – 44,66 EM 2022 i München: Gull på 400 m – 44,53, og i 4 x 400 m stafett VM 2023 i Budapest: Sølvmedalje på 400 m – 44,31 OL 2024 i Paris: Sølvmedalje på 400 m – 43,44 VM 2025 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 400 m (44,95=nr 18)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matthew Hudson-Smith» frå , den 15. august 2018.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023