Rick and Morty er ein amerikansk animert science fiction-sitcom retta mot vaksne, skapt av Justin Roiland og Dan Harmon for kveldsprogrammet Adult Swim på Cartoon Network. Serien følgjer påfunna til ein kynisk vitskapsmann, Rick Sachez, og dottersonen hans, Morty Smith, som fordeler tida si mellom det normale heimelivet og interdimensjonale eventyr. Serien premierte 2. desember 2013, og den tredje sesongen vart avslutta 1. oktober 2017. I mai 2018 vart serien fornya for 70 nye episodar fordelte på eit uvisst tal på sesongar.

Roiland gjev stemme til dei to hovudfigurane, medan Chris Parnell, Spencer Grammer og Sarah Chalke er stemmeskodespelarane til resten av familien. Serien har opphav frå ein animert parodisk kortfilm av Back to the Future, The Real Animated Adventures of Doc and Mharti, skapt av Roiland for Channel 101, ein kortfilmfestival i Los Angeles. Etter at Harmon vart kontakta av Adult Swim for om han kunne tilby idear til nye underhaldingsprogram, gjekk han og Roiland inn for å utvikle ein serie basert på kortfilmen. Rick and Morty har fått positiv mottaking for særhåtten, kreativiteten og humoren i serien.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar