East-West er det andre studioalbumet til The Butterfield Blues Band, gjeve ut i 1966 på Elektra Records. Det vart spelt inn i det kjende Chess Studios på 2120 South Michigan Avenue i Chicago. Det nådde 65. plassen på Billboard popalbum-lista, men har sidan vore høgt akta blant rock- og blues-skribentar.
Innhald Som debutplata, består albumet av somme tradisjonelle bluessongar med gitar av Mike Bloomfield og Elvin Bishop. I motsetnad til debutplata, spelar Bishop òg gitarsoloar. Trommeslagaren Sam Lay hadde slutta på grunn av sjukdom og blitt erstatta av den meir jazzprega Billy Davenport.Doggett, Peter. The Paul Butterfield Blues Band/East West. Warner Strategic Marketing 8122 73571-2, 2001, liner notes, p. 8. Den sosiale samansetnaden i bandet endra seg òg frå å vere styrt av Butterfield i byrjinga til å bli meir eit demokratisk band.Doggett, liner notes, p. 8.
Som følgje av dette vart det teke med to instrumentale lange jammar etter ønskje frå Bloomfield etter at dei hadde spelt på The Fillmore i San Francisco i mars 1966 med Jefferson Airplane. Begge, «Work Song», og tittelsporet «East-West» der det vert nytta element av modal jazz slik Miles Davis hadde innført på albumet Kind of Blue, reflekterte kjærleiken hans til jazz. Albumet inneheld òg Michael Nesmith-songen «Mary, Mary», som Nesmith kort tid etter spelte inn med bandet sitt The Monkees.
Den 29. oktober 2001 vart ei nymastra utgåve av albumet gjeve ut av Bob Irwin på Sundazed Studios i lag med debutplata. Denne kom ut på Rhino WEA UK i Europa.
Plateomslaget Plateomslaget vart fotografert på Museum of Science and Industry i Chicago.
Innhald
Side ein
Side two
Medverkande Paul Butterfield — vokal, munnspel Mike Bloomfield — elektrisk gitar Elvin Bishop — elektrisk gitar, solovokal på «Never Say No» Mark Naftalin — piano, orgel Jerome Arnold — bass Billy Davenport — trommer
Salslister ÅrListePlassering1967Billboard Pop Albums65
Kjelder Denne artikkelen bygger på «East-West (Paul Butterfield Band album)» frå , den 22. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Michael Bloomfield-kronologi og analyse
Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Paul Butterfield Blues Band-album Kategori:Album produserte av Paul A. Rothchild Kategori:Album produserte av Mark Abramson Kategori:Elektra Records-album Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Acidrock-album