Lauren Cherie Southern () er ein kanadisk konservativ aktivist, forfattar, politisk kommentator og journalist. Ho har vorte skildra som «alt-right», men har sjølv hevda at ho ikkje er det i ein video ho laga som respons til ein annan YouTube-person.
Lauren Southern stilte som kandidat for Libertarian Party of Canada under det føderale valet i 2015 i Canada. Ho arbeidde for den politiske kommentatorplattforma The Rebel Media fram til mars 2017, og har skrive for Spiked, International Business Times og The Libertarian Republic. Southern har halde fram med å arbeide uavhengig og har lagt ut fleire videoar på YouTube. I mars 2018 vart ho nekta å reise inn i Storbritannia på grunn av sine politiske intensjonar.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Surrey i Britisk Columbia Kategori:Kanadiske journalistar