Hudsonelva (, mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609.

mini|venstre|Hudsonelva sett frå Bear Mountain Bridge.

Kjelda til elva er Tear-of-the-Clouds-sjøen i Adirondackfjella. Ved Albany renn Mohawk-elva saman med henne, og deretter renn ho nesten rett sørover til ho munnar ut i Atlanterhavet mellom Manhattan i New York og New Jersey.

Eriekanalen, som blei opna den 26. oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til Atlanterhavet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hudsonfloden» frå , og «Hudson River» frå den 27. august 2018.

Kategori:Elvar i New York Kategori:Elvar i New Jersey