Wilhelm Furtwängler () var ein tysk dirigent og komponist.
Under sine tidlegare yrkesår var han tilsett i Breslau, Zürich, München (1907–09), Strassburg (1910–11), Lübeck (1911–15) og Mannheim (1915–20). Frå 1922 samarbeidde han med Wienerfilharmonikarane, Leipzigs Gewandhausorkester og Berliner Philharmoniker, som han vart sjefsdirigent for på livstid. Han dirigerte òg ved New York Philharmonic (1925–27), Festspela i Bayreuth (1931, 1936–37) og Covent Garden (1937–38).
I 1936 gav han opp alle oppdraga sine i Tyskland i protest mot at naziregimet bannlyste Mathis der Maler av Paul Hindemith. Arturo Toscanini ville at Furtvängler skulle etterfølgje han ved New York Philharmonic men han valde å ta opp att arbeidet i Tyskland, noko som skadde karrieren hans etter krigen.
Furtwängler vart kjend for dei frie tempovala sine og skatta tolkingar framfor alt av verk av Beethoven, Brahms og Wagner. Etter bortgangen sin har dirigenten nesten nådd kultstatus, noko ikkje minst det verdsomspennande nettverket av Furtwänglersällskap som finst i dag viser.
Diskografi (utval) Wilhelm Furtwängler har gjort ei stor mengd opptak for grammofon. Her kjem berre eit fåtal.
Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning i Rom 1953. EMI CZS 7 671232 (13 CD). Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning från La Scala, Milano 1950. Opera d'Oro OPD 1501 (14 CD). Wagner, R., Tristan und Isolde. Philharmonia Orchestra. EMI 7243 5 67621 21 (4CD). Wagner, R., Die Walküre. Wiener Philarmoniker. EMI CHS 7 63045 2. (3 CD). Beethoven, L. van, Fidelio. Live Salzburg 1950. EMI CHS 7 64901 2. (2 CD). Brahms, J., Wilhelm Furtwängler conducts Brahms. Music& Arts CD-4941(4). (4 CD). Beethoven, L. van, The 9 symphonies. EMI 7243 5 67496 2 7 (5 CD).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Furtwängler» frå , den 29. august 2018. oppgav desse kjeldene: Pirie, P., Furtwängler and the art of conducting. London: Duckworth, 1980. S. 131-144: Discography. . Åstrand, H. (red). Sohlmans musiklexikon. 2., rev. och utökade uppl. Stockholm: Sohlman, 1976. 3. Fuga-Kammar. S. 25-27. . Taking Sides Thielemann, Christian, My Life with Wagner. New York: Pegasus Books LLC 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske dirigentar Kategori:Folk frå Berlin