The Progressive Blues Experiment er debutalbumet til Johnny Winter. The Progressive Blues Experiment kom opphavleg ut på Sonobeat Records i Austin i 1968. Då Winter fekk kontrakt med Columbia Records vart rettane til albumet selde til Imperial Records, som gav ut albumet på ny i 1969.
Winter spelte her i ein trio med bandet han spelte med i slutten av 60-åra. Dei spelte inn fleire coverlåtar av kjende bluessartistar, som B.B. King («It's My Own Fault»), Sonny Boy Williamson («Help Me») og Slim Harpo («I Got Love If You Want It»).
I 2005 gav Capitol ut ei nymastra utgåve av albumet på CD. Albumet har òg kome ut med tittelen Austin, Texas.
Innhald
Medverkande Johnny Winter – vokal, sologitar, National-steelgitar, mandolin, munnspel Tommy Shannon – bass John «Red» Turner – trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Progressive Blues Experiment» frå , den 1. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Johnny Winter Story: Progressive Blues Experiment
Kategori:Johnny Winter-album Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Imperial Records-album