Frankisk er ei gruppe germanske språk eller dialektar som blei tala i Frankarriket i noverande Nord-Frankrike og det tyske Rhinlandet frå 300- til 700-talet. Språket er lite dokumentert, men danna opphav for mange lånord i gammalfransk. Frankiske dialektar tala i Nederlanda utvikla seg til gammalnederlandsk, som utvikla seg til mellomnederlandsk på 1100-talet.
mini|venstre|Ubtreiinga til frankarane kring 475.
mini|Kopi av runene i Bergakker-inskripsjonen.
Det rekonsturerte frankiske namnet for frankisk er *. Frankisk som tala før karolingartida er hovudsakleg rekonstruert frå gammalfranske lånord og frå gammalnederlandske nedteikningar frå 500- til 1100-talet. Ein runeinskripsjon på ei sverdslire, Bergakker-inskripsjonen frå ca. 425–450, kan vera eit døme på frankisk. Eit anna er ei formulering frå Den saliske lova frå tidleg 500-tal, brukt til å fri ein liveigen:
Maltho thi afrio lito Eg seier, eg frir deg, halv-frie.
Desse språkdøma er også blitt kalla gammalnederlandske.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frankish language» frå , den 4. september 2018.
Kategori:Vestgermanske språk Kategori:Tidlegare språksteg Kategori:Frankarar Kategori:Einskildspråk Kategori:Nederlandsk språk