The Allman Brothers Band var eit USA-amerikansk rockeband skipa i Jacksonville i Florida i USA i 1969 av brørne Duane Allman (slidegitar og sologitar) og Gregg Allman (vokal, klaverinstrument, låtskriving), i lag med Dickey Betts (sologitar, vokal, låtskriving), Berry Oakley (bassgitar), Butch Trucks (trommer) og Jai Johanny «Jaimoe» Johanson (trommer). Bandet brukte element av Southern rock, blues, jazz og country, og konsertane deira bestod ofte av lange improviserte jammar og instrumentalar.
Dei to første studioalbuma deira selde dårleg, men konsertutgjevinga At Fillmore East frå 1971 vart eit stort gjennombrot. Albumet inneheld lange utgåver av songane «In Memory of Elizabeth Reed» og «Whipping Post», og vert ofte rekna blant dei beste konsertalbuma som finst. Gruppeleiaren Duane Allman omkom i ei motorsykkelulukke seinare det året og bandet dediserte Eat a Peach (1972) i hans minne, eit dels studio- dels konsertalbum som sementerte populariteten deira. Seinare det året døydde òg bassisten Berry Oakley i ei motorsykkelulukke og bandet henta inn klaverspelaren Chuck Leavell og bassisten Lamar Williams for albumet Brothers and Sisters i 1973, med hitsingelen «Ramblin' Man». Intern krangling gjorde at bandet vart oppløyst i 1976, men dei kom saman att mot slutten av 1970-åra før dei vart oppløyst att i 1982.
Bandet kom saman att i 1989 og gav ut fleire nye album og turnerte mykje. Bandet gav seg for godt i 2014.
Bandet har fått sju gull- og fire platinaplater i USA, og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995. Rolling Stone rangerte dei på 52. plassen på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene i 2004.
Historie
Starten (1965–1969) mini|«The Big House,» sett her i 2009: Bandet budde i dette huset tidleg i 1970-åra.
Duane Allman, og den yngre broren Gregg, voks opp i Daytona Beach i Florida. Gregg var den første til å lære seg gitar, men broren gjekk snart forbi han og slutta på skulen for å kunne øve heile tida. Duoen skipa det første bandet sitt, The Escorts, som utvikla seg til å bli Allman Joys i midten av 1960-åra. Då ein svart ven introduserte Gregg for R&B og soul, byrja dei å ta med dette i musikken sin. I 1967 heldt gruppa seg i St. Louis, der ein platesjef frå Los Angeles oppdaga dei. Dei flytta etter kvart til vestkysten og kalla seg Hour Glass, og spelte inn to mislukka album for Liberty Records. Duane flytta attende for å satse på ein karriere som studiomusikar i Muscle Shoals i Alabama, medan Gregg vart verande att i Hollywood for å oppfylle kontrakten med Liberty, som meinte han kunne klare seg som soloartist. Dei to var først frå kvarandre i eitt år, men møttest i Miami, der dei spelte inn ein album-lang demo med The 31st of February, ei gruppe der trommeslagaren Butch Trucks spelte.
I FAME Studios i Muscle Shoals vart Duane Allman den fremste studiogitaristen og spelte på innspelingar med artistar som Aretha Franklin og King Curtis. Duane føreslo for Wilson Pickett at dei skulle spele inn ein versjon av «Hey Jude» av The Beatles. Singelen nådde 23. plassen på den nasjonale singellista. FAME signerte Duane til ein fem år lang platekontrakt, og han sette saman ei gruppe med Johnny Sandlin og Paul Hornsby. Duane henta inn Jai Johanny Johanson (Jaimoe) etter å ha høyrt han spele trommer på ein demo for Jackie Avery, og dei to flytta til heimen hans ved Tennessee River. Allman inviterte med seg bassisten Berry Oakley til å jamme med den nye gruppa. Dei hadde møttest i ein klubb i Macon i Georgia noko tidlegare og vart raskt vener. Gruppa fekk umiddelbar god kjemi og Duane sin visjon om eit «annleis» band eit med to sologitaristar og to trommeslagarar, byrja å ta form. Samstundes såg Phil Walden, manageren for den avdøde Otis Redding og fleire andre R&B-artistar, seg om etter eit rockeband han kunne styre. FAME-eigaren Hall vart frustrert over innspelingsmetodane til bandet, og gav spora dei hadde spelt inn og kontrakten deira til Walden og Jerry Wexler i Atlantic Records, som kjøpte dei for 10 000 dollar. Walden planla at gruppa skulle bli midtpunktet på den nye etiketten til Atlantic, Capricorn.
Duane og Jaimoe flytta til Jacksonville tidleg i mars 1969 sidan Duane var blitt frustrert over å vere ein «robot» ved FAME. Han inviterte alle som ville med seg på jammar som utvikla seg til å bli The Allman Brothers Band. Dickey Betts, leiaren i det førre bandet til Oakley, The Second Coming, vart den andre sologitaristen i bandet, medan Butch Trucks, som Duane og Gregg hadde spelt inn ein demo med året før, vart den nye, andre trommisen i bandet. The Second Coming-medlemmen Reese Wynans spelte klaverinstrument, og Duane, Oakley og Betts song alle vokal. Utan namn byrja bandet å halde gratiskonsertar i Willow Branch Park i Jacksonville, med stadig forskjellige musikarar i bandet. Duane følte sterkt at broren burde bli vokalist i den nye gruppa (som då fjerna Wynans, sidan Gregg òg spelte klaverinstrument). Gregg forlèt Los Angeles og vart med på øvingar den 26. mars 1969, då gruppa øvde på Muddy Waters sin «Trouble No More» Sjølv om Gregg i røynda var skremd av musikarane, pressa Duane han til å «syngje med alt han hadde». Fire dagar seinare heldt gruppa debutkonserten sin i Jacksonville Armory. Sjølv om det vart føreslått mange namn, som Beelzebub, valde det seks mann store bandet til slutt å ta namnet The Allman Brothers Band.
Debut og tidlege år (1969–1970) Gruppa flytta til Macon i Georgia innan 1. mai der Walden skipa Capricorn Records. Mike Callahan og Joseph «Red Dog» Campbell vart tidlege scenearbeidarar for bandet. «Red Dog» var ein funksjonshemma Vietnam-veteran som donerte dei månadlege forsikringspengane sine til bandet.
Gruppa skapte ein sterk brorskap, brukte endelause timar på øving, tok psykedeliske narkotika i lag, og hengde ved Rose Hill Cemetery, der dei skreiv songar. Den første konserten deira utafor Sørstatane kom 30. og 31. mai i Boston, der dei varma opp for The Velvet Underground. Gruppa trengde nok songar og omgjorde gamle bluessongar som «Trouble No More» og «One Way Out», i tillegg til improviserte jammar som «Mountain Jam». Gregg, som hadde slite med å skrive songar tidlegare, vart den fremste låtskrivaren i bandet, og skreiv songar som «Whipping Post» og «Black-Hearted Woman». Bandet skulle opphavleg spele inn det første albumet i Miami med Cream- og John Coltrane-produsenten Tom Dowd, men var ikkje tilgjengeleg. I staden drog dei til New York City i august 1969 for å arbeide med den faste lydteknikaren Adrian Barber, som gjorde si første innspeling som produsent. The Allman Brothers Band vart spelt inn og miksa i løpet av to veker, og viste seg å vere ei positiv oppleving for ensemblet. New York kom til å bli rekna som «den andre heimen» deira The Allman Brothers Band kom ut i november 1969 på Atco og Capricorn Records, men selde dårleg, mindre enn 35 000 eksemplar då det først kom ut.
Platedirektørane føreslo at Walden skulle flytte bandet til New York eller Los Angeles for å «akklimatisere» dei for industrien. «Dei ønskte at me skulle te oss 'som eit rockeband', og me bad dei om å dra til helvete», fortalte Trucks. Bandet var likevel optimistiske og valde å bli verande i sør. «Alle sa me kom til å køyre av vegen der nede», sa Gregg Allman, men samarbeidet mellom bandet og Capricorn Records «omgjorde Macon frå ein søvnig liten by til ein særs hip, gal og vill stad fylt med bikerar og rockarar». Bandet leigde eit gardshus ved ein innsjø utafor Macon, og det var så mange folk som kom og gjekk at det minna dei om Idlewild Airport i New York City. Idlewild South var åstad for mange øvingar og festar og det ar «der brorskapen vart skapt», i følgje scenearbeidaren Kim Payne. «Det vart gjort ei pakt der kring eit leirbål - alle for ein og ein for alle ... Alle trudde hundre prosent på bandet.» Det meste av materialet for det andre albumet til bandet, Idlewild South, kom frå dette huset. Kona til Oakley leigde eit stort, viktoriansk hus i 2321 Vineville Avenue i Macon og bandet flytta der og kalla det «The Big House» i mars 1970.
Konsertar, At Fillmore East og gjennombrot (1970–1971) mini|right|175px|Duane Allman, leiaren i gruppa, omkom i ei motorsykkelulukke i 1971. Bandet spelte mykje gjennom heile 1970, over 300 konsertar i ein Ford Econoline-van og seinare ein Winnebago, som dei kalla The Wind Bag. Walden tvilte på framtida til bandet og var uroa om dei nokon gang kom til å slå gjennom, men ryktet deira spreidde seg etter kvart som dei heldt stadig fleire konsertar og publikummet deira vart større. Ein tungt dopmisbruk breidde om seg i gruppa, og alle utanom brørne sleit med å få endene til å møtast. Ved eit høve knivstakk turnémanageren Twiggs Lyndon og drap ein promoter som ikkje hadde betalt bandet. Han sa seinare han var mellombels galen under gjerninga. Seinare det året tok Duane ved eit uhell ein overdose opium etter ein konsert. Idlewild South vart produsert av Tom Dowd og spelt inn over ein periode på fem månader i forskjellige byar, inkludert New York, Miami og Macon, og det inneheld to av dei mest kjende songane til bandet, «Midnight Rider» og «In Memory of Elizabeth Reed», som vart ein av dei faste konsertlåtane deira.
Idlewild South kom ut på Atco og Capricorn Records i september 1970, mindre enn eitt år etter debuten. Albumet selde berre «marginalt betre enn føregangaren» men ryktet til bandet byrja å spreie seg ytterlegare og songane på albumet vart etter kvart mykje spelt på rockeradio.» Kort tid etter innspelinga var over, sette Down Duane i kontakt med gitaristen Eric Clapton, som inviterte han med på det nye prosjektet sitt, Derek and the Dominos. Allman var ein stor fan av arbeidet Clapton hadde gjort i Cream, og Clapton hadde blitt blåst av banen av arbeidet Allman hadde gjort på Wilson Pickett sin versjon av «Hey Jude» nokre år tidlegare. Dei møtte kvarandre etter ein konsert i Miami og jamma i lag til neste ettermiddag, og dei to gitaristane rekna kvarandre som «umiddelbare sjelefrender». Clapton inviterte Duane med seg i Derek and the Dominos, og i følgje fleire kjelder skal han ha vurdert det, men avslo til slutt tilbodet og kom attende til The Allman Brothers Band etter å ha gått glipp av ei rekkje konsertar. Innspelingane vart samla på Layla and Other Assorted Love Songs, som kom ut i november det året.
Lagnaden deira endra seg i løpet av 1971, då inntektene til bandet dobla seg. «Me forstod at publikummet var ein stor del av det me gjorde, noko me ikkje kunne gjenskape i studio. Ei lys gjekk opp for oss då me forstod at me måtte lage eit konsertalbum,» sa Gregg Allman. At Fillmore East vart spelt inn i løpet av tre kveldar frå 11. til 13. mars 1971 i Fillmore East i New York, der bandet fekk 1 250 dollar per kveld. At Fillmore East kom ut i juli 1971 på Capricorn Records som eit dobbeltalbum, men med same pris som ei enkelplate. Dei førre albuma hadde brukt månader på å nå salslista (ofte berre i botnen av Topp 200), men dette albumet byrja å klatre på lista etter berre få dagar. At Fillmore East nådde 13. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og selde til gullplate hos Recording Industry Association of America i oktober same året, og vart det kommersielle og kunstnariske gjennombrotet deira. Albumet vert ofte trekt fram som eit av dei beste konsertalbuma gjennom tidene, og i 2004 vart det vald ut av Library of Congress for National Recording Registry.
Eat a Peach og dødsfall (1971–1972)