Olav Anfinnson Refsdal () var ein norskamerikansk prest, målmann og forfattar. Han var fødd i Vik og døydde i Amerika. Refsdal gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var lærar i sju år, før han utvandra til Amerika i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og vart uteksaminert som teolog ved Augsburg Seminary i Minnesota i 1893.
Refsdal arbeidde deretter som prest i nesten 50 år i ulike statar i USA. I tillegg til prestegjerninga redigerte han to tidsskift: Barnets Ven (1899–1903) og fråhaldsbladet Lyngblomsten (1907–15). Han publiserte preiker, gav ut bøker og i tillegg publiserte han ei mengd dikt i ulike norskamerikanske aviser og blad.
Refsdal synte stor interesse for målsaka og skreiv fleire tekstar og heldt preiker på nynorsk. Læsebogen er den einaste leseboka på norsk i Amerika med nynorske tekstar. Fagerliens Tvillinger inneheld sju dikt på nynorsk. Refsdal var òg med i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna. Her publiserte han dikt og korte innlegg der han tala varmt for målsaka. Refsdal var fråhaldsmann og var i fleire år sekretær i den nasjonale fråhaldsrørsla.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Olav Anfinnson Refsdal i Allkunne
Bakgrunnsstoff Om Olav Anfinnson Refsdal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Forfattarar frå Vik Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norsk-amerikanarar