Egil Andreas Olli, kjend som Egil Olli, () er sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Han vart sametingspresident i 2007, midt i perioden 2005-2009, og heldt fram som president også i perioden 2009-2013. Han vart vald inn frå Ávjovárri valkrins.

Olli har vore sametingsrepresentant alle periodane frå 1989 og vart attvald i 2009. Olli var Arbeidarpartiet sin presidentkandidat ved valet i 2005. 26. september 2007 vart Egil Olli vald til sametingspresident, etter at det parlamentariske grunnlaget for NSR sin president Aili Keskitalo forsvann grunna ein konflikt mellom NSR og varapresident Johan Mikkel Sara.

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Egil Olli på nettstaden til Det norske sametinget «Egil Andreas Olli» på nettstaden til NRK Sameradioen

Kategori:Sametingspresidentar Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Sametingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Sametingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Sametingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Sametingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Sametingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Sametingsrepresentantar frå Ap Kategori:Folk frå Karasjok