«Free Bird» eller «Freebird» er ein powerballade av det amerikanske rockebandet Lynyrd Skynyrd. Songen vart først gjeven ut på debutalbumet deira i 1973 og har vore med på fleire seinare konsert- og samlealbum, inkludert ein versjon som ikkje tonar ut (på Skynyrd's Innyrds).
Songen vart gjeven ut på singel i november 1974 og nådde 19. plassen på Billboard Hot 100 i januar 1975 Ein konsertversjon av songen gjekk inn på listene seint i 1976, og nådde til slutt 38. plassen på lista i januar 1977.
Gitarsoloen i «Free Bird» vart av Guitar World rangert som den tredje beste gjennom tidene.
Songen vert rekna som signaturlåten til Lynyrd Skynyrd og vert nytta som avslutningssong på konsertane deira. Det er den lengste songen deira og har ofte strekt seg opp mot 15 minuttar.
Mottaing «Free Bird» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll og er rangert på 193. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2009 vart han rangert som den 26. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.
I populærkulturen Eit stjernelag av musikarar framførte songen i den siste episoden av The Tonight Show with Conan O'Brien. Will Ferrell song solovokal og spelte kubjølle og vart akkompagnert av Beck, Billy Gibbons frå ZZ Top, Ben Harper og O'Brien sjølv på gitar, trommeslagaren Max Weinberg og resten av husbandet på showet.
Songen er blitt nytta i fleire videospel, filmar og fjernsynsseria, inkludert Soylent Green, Westworld, The Towering Inferno, Logan's Run, The Doors, The Last Boy Scout, Soldier, Blood Diamond, Time Bandits, Spaceballs, Wayne's World, Josie and the Pussycats, Sid and Nancy, This Is Spinal Tap, Airheads, Bill & Ted's Excellent Adventure, Dude, Where's My Car?, Empire Records, High Fidelity, Rock Star, The Rocker, The Full Monty, Napoleon Dynamite, Idiocracy, Speed, Broken Arrow, Entrapment, Lethal Weapon 4, Exit Wounds, Mad Max: Fury Road, Guitar Hero II, Forrest Gump, American Pop, House of Cards, The Devil's Rejects, Guitar Hero: Smash Hits, Rock Band 3, ER, Everybody Loves Raymond, Grand Theft Auto: San Andreas, Californication, Kingsman: The Secret Service, Free Birds, That '70s Show, Flushed Away, Chicken Little, Elizabethtown, Toy Story 3, The Simpsons og Family Guy.
Salslister og salstal Fram til 2013 var songen blitt lasta ned 2,1 millionar gonger. Liste (1974–1975) Plassering Canada RPM Top Singles 47 U.S. Billboard Hot 100 19 Liste (1979–1980) Plassering UK Singles Chart 43 Liste (1982) Plassering UK Singles Chart 21
Medverkande Lynyrd Skynyrd Studioversjonen (1973)
Ronnie Van Zant – vokal Allen Collins – sologitar og akustisk gitar Gary Rossington – rytme- og slidegitar Ed King – bassgitar Billy Powell – piano Bob Burns – trommer «Roosevelt Gook» (produsent Al Kooper) – orgel, mellotron
Andre medverkande Steve Gaines – ytterlegare solo- og rytmegitar
Andre versjonar Det amerikanske dance-popbandet Will to Power skapte ein medley av denne songen og Peter Frampton sin «Baby, I Love Your Way» i 1988. Dene vart kalla «Baby, I Love Your Way/Freebird Medley» og låg ei veke på toppen av Billboard Hot 100 chart.Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications) Molly Hatchet spelte inn songen i 1985 på konsertalbumet Double Trouble Live. Han vart òg spelt av Wynonna Judd i 1994 på hyllestalbumet Skynyrd Frynds. Songen vart spelt inn av Bronx Casket Co. i 2005 på albumet deira Hellectric i gothstil. Det amerikanske bandet Phish spelte ein acappellaversjonen av songen på konsertane sine, oftast på 90-talet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Free Bird» frå , den 14. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Lynyrd Skynyrd-songar Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar til minne om avdøde personar Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Joey + Rory-songar Kategori:Hardrockballadar Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Songar produserte av Al Kooper Kategori:Songar skrivne av Allen Collins Kategori:Songar skrivne av Ronnie Van Zant Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Songar om fuglar 193 Kategori:Molly Hatchet-songar