«Sweet Home Alabama» er ein song av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 1974 på det andre albumet deira, Second Helping.

Songen nådde åttandeplassen på den amerikanske singellista i 1974 og vart den andre hitsingelen deira.Sweet Home Alabama song information. Songfacts.com Songen vart skriven som eit svar til «Southern Man» og «Alabama» av Neil Young. Young er nemnt i teksten på songen.

Bakgrunn og innspeling Ingen av dei tre låtskrivarane av songen var frå Alabama; Ronnie Van Zant og Gary Rossington var begge frå Jacksonville i Florida, medan Ed King var frå Glendale i California. I eit intervju med Garden & Gun sa Rossington om låtskrivinga: «Eg hadde dette vesle riffet, som songen opnar med. Eg spelte det om att og om att når me venta på at nokon skulle komme på øving. Ronnie og eg sat der, og ha sa 'spel det ein gang til'. Så skreiv Ronnie teksten og Ed og eg skreiv musikken.»

«Sweet Home Alabama» vart ein stor hit for bandet etter at dei førre singlane stort sett hadde gått umerkeleg forbi. Hitten førte til at bandet vart tilbydd å få spele på to TV-show, noko dei avslo.Dupree, T. (1974), Lynyrd Skynyrd in Sweet Home Atlanta [Electronic version]. Rolling Stone. Henta 14. september 2018.

Kontrovers «Sweet Home Alabama» vart skriven som ein svarsong til to songar av Neil Young, «Southern Man» og «Alabama», som omhandla rasisme og slaveri i Sørstatane. «Me trudde Neil skaut alle endene for å få tak i ein eller to», sa Van Zant på den tida. Den følgjande linja nemner Neil Young i songen:

I sjølvbiografien sin frå 2012, Waging Heavy Peace, kommenterte Young om rolla si i songen og skreiv «Det var rett av Lynyrd Skynyrd å angripe min eigen song 'Alabama' på den flotte songen deira. Eg likar ikkje teksten min når eg lyttar til han no. Dei er skuldande og nedlatande, og ikkje så gjennomtenkt, og for lett å mistyde».

Van Zant sitt andre svar var òg kontroversielt, med referansar til guvernøren i Alabama, George Wallace (ein kjend tilhengjar av rasesegregering) og Watergate-skandalen:

Mange historiskarar har peikt på at valet av Birmingham i samband med guvernøren (i staden for hovudstaden Montgomery) er viktig for kontroveren sidan byen i 1963 var åstad for omfattande borgarrettsdemonstrasjonar som vart slått hard ned på av styresmaktene på staden.

I 1975 sa Van Zant: «Teksten om guvernøren i Alabama var mistyda. Folk la ikkje merke til at me song 'Boo! Boo! Boo!' etter den linja, og media plukka berre opp referansen om at folk elska guvernøren.»Ballinger, Lee. (2002 ©1999). Lynyrd Skynyrd: An Oral History. Los Angeles, California: XT377 Publishing. «Wallace og eg har særs lite til felles», sa Van Zant sjølv, «eg likar ikkje det han sa om farga folk.»

Ronnie Van Zant hadde seinare på seg ei Neil Young-T-skjorte ved fleire øve mellom anna på ein konsert som vart filma og omslaget til albumet Street Survivors.

Medverkande Lynyrd Skynyrd Ronnie Van Zant – solovokal Ed King – sologitar, korvokal (første «woo» mot slutten av siste refrenget) Leon Wilkeson – bassgitar, korvokal (andre «woo» mot slutten av siste refrenget) Bob Burns – trommer Billy Powell – piano Allen Collins – rytmegitar (venstre kanal) Gary Rossington – rytmegitar (høgre kanal), akustisk gitar (venstre kanal)

Andre medverkande Al Kooper – korvokal (venstre kanal) Clydie King – korvokal Merry Clayton – korvokal

Salslister

Vekeslister Liste (1974-76) Plassering Liste (2008) Plassering

Årslister Liste (1974) Plassering US Cashbox Top 100 58 Canadian RPM Top Singles 81

Sal og salstrofé

«All Summer Long» Kid Rock-songen «All Summer Long» frå 2007 sampla «Sweet Home Alabama» på refrenget og brukar gitarsoloen og pianoavslutninga. Billy Powell spelar på songen. All Summer Long» samplar òg Warren Zevon sin «Werewolves of London», som har ein liknande akkordprogresjon som «Sweet Home Alabama». Då Kid Rock sin versjon kom ut, gjekk originalversjonen opp til 44. plassen på UK Singles Chart.

Ettermæle I mai 2006 kåra National Review songen på fjerdeplassen på ei liste over dei 50 beste konservative rockesongane.Miller, John J. (26. mai 2006) Rockin' the Right, National Review I juli 2006 rangerte CMT songen øvst på lista si over dei 20 beste southern rock-songane. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 398. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sweet Home Alabama» frå , den 14. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Lynyrd Skynyrd-songar Kategori:Songar om Alabama Kategori:Svarsongar Kategori:Songar produserte av Al Kooper Kategori:Songar skrivne av Ed King Kategori:Songar skrivne av Gary Rossington Kategori:Songar skrivne av Ronnie Van Zant Kategori:Alabama-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Neil Young Kategori:Songar om rasisme eller framandhat 407