Ask kyrkje er ei langkyrkje i Askøy kommune i Vestland fylke. Ho vart vigsla 8. oktober 1908 og restaurert i 1954–55. Skipet, koret og sakristia er i lafteverk, medan tårnet er i bindingsverk. Orienteringa er frå søraust mot nordvest.
Interiør og inventar Altartavla har eit bilete av Jesus i bøn, måla i kopi etter altartavla i Johanneskyrkja i Bergen. I to korvindauge er glasmåleri av Peter og Paulus. Desse er laga av firmaet Rognaldsen i Bergen. Preikestolen er på alder med kyrkja, men vart flytta til nordvestveggen i skipet i 1954–55 (med oppgang gjennom veggen frå sakristiet). Den opphavelege døypefonten var «berre eit simpelt stativ»Clausen iflg. «Norges kirker», og kyrkja fekk ny døypefont i 1954. Han er teikna av Torgeir Alvsaker. Orgelet (Olsen & Jørgensen, 1914) kom frå Strusshamn kyrkje i 1964. Kyrkjeklokka er støypt av O. Olsen & Søn.
Kyrkjegard Kyrkja står i det nordre hjørnet av den delvis terraserte kyrkjegarden.
Kjelder Anne Marta Hoff: Ask kyrkje (i «Norges kirker»)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Tor Dag Kjosavik: «Ask kirke 100 år», i a:men Askøy menighetsnytt nr. 4/2008, s. 4–5 DIS Norge om Ask kyrkje Ask kyrkjelyd
Kategori:Kyrkjer i Vesthordland prosti Kategori:Kyrkjer i Askøy Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1908 Kategori:Kulturminne i Askøy