mini|Altarskåp i Fjell kyrkje Fjell kyrkje er ei langkyrkje på Sotra, i Øygarden kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe og oppført av byggmeister Ole Syslak. Ho har 520 sitjeplassar. Interiøret vart endra i 1961–62, og i 1972 fekk kyrkja ei tverrfløy med kyrkjelydshus (ark. Torgeir Alvsaker og Einar Vaardal-Lunde).

Interiør og inventar Glasmåleri i korvindauga fungerer som altarbilete. Motivet er krossfestinga. Måleria rundt korbåga vart laga av Bjørn Tvedt i 1962. Preikestolen og døypefonten er på alder med kyrkja. Kyrkja fekk nytt orgel i 1996 (opus 1060 frå Verschueren). Dei to klokkene er støypte av Laxevaags Værk.

Tidlegare kyrkjer Ei stavkyrkje vart riven før 1686, då ei tømmerkyrkje er omtala. Tømmerkyrkja fekk nytt skip i 1795 og stod så til dagens kyrkje vart oppført.Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Hordaland fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 138–139. Eit altarskåp frå 1400-talet vart oppdaga i 1962 og restaurert. I dette er det sett inn eit altarbilete (nattverden) måla av O. Berenthardus til gamlekyrkja i 1843. Altarskåpet heng på eine langveggen i kyrkja.Lotsberg og Langeland (1999), s. 15.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fjell kyrkjelege fellesråd

DIS Hordaland

Kategori:Kyrkjer i Vesthordland prosti Kategori:Kyrkjer i Øygarden Kategori:Kulturminne i Øygarden Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:1874 i Noreg