Lene Hansen () er ein norsk samepolitikar og festivalgründer frå Kåfjord i Troms, seinare busett i Tromsø.
Ho representerte Norske Samers Riksforbund på Sametinget i perioden 2005–2009.«Riddu-Lene sametingskandidat for NSR». Nordlys, 18.11.2004
Hansen er utdanna lærer, og har arbeidd som lærar og journalist og som rådgjevar i Troms fylkeskommune.Hansen, Lene - biografi ; Sametinget
Lene Hansen var med på å starta den samiske kulturfestivalen Riddu Riđđu i Kåfjord i 1991, og ho var festivalsjef der til 2005.«Nye krefter i Riddu»; Nordlys, 18.7.2005 Hausten 2006 vart Hansen vald til parlamentarisk leiar for sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund. Frå 2010 til 2011 var ho styreleiar for Riddu Riđđu.«Ny leder for Riddu», Tromøs, 19.2.1010 Ho trekte seg frå vervet i festivalstyret for å unngå habilitetsproblem då ho vart tilsett i Troms fylkeskommune.
I 2014 vart ho styreleiar for Beaivváš Sámi Našunálateáhter.Styret; beaivvas.no Som styreleiar for teateret var ho mellom anna ein nøkkelperson då teateret våren 2020 fekk gjennomslag for kravet om eit eige teaterbygg for det samiske kompaniet. Hansen tok ikkje attval som styreleiar i 2020, og vart følgd av Maria Utsi.
Bibliografi
2008: Storm på kysten (sakprosa), Marg forlag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lene Hansen» frå , den 19. mai 2022.
Kategori:Folk frå Kåfjord Kategori:NSR-politikarar Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009