mini|Langs Glomma forbi den gamle kyrkjestaden går ein populær tursti. Mariakyrkja var hovudkyrkja i Våler i Innlandet før ho vart avløyst av ei ny kyrkje i 1806. Det dreier seg om ei trekyrkje, og ut frå generell kunnskap og skildringar frå 1600- og 1700-talet trur ein at det var ei stavkyrkje.
Bygningshistorie Ifølgje lokal tradisjonSjå t.d. Våler kyrkjelege fellesråd. vart det oppført ei kyrkje like etter at Olav den heilage kristna Solør i 1022.Jf. Andreas Faye: Norske folkesagn, s. 109, og Soga om Olav den heilage. Vala kirkia er omtala i jordeboka til biskop Eystein i samband med år 1300Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog), s. 456 og 1400.Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog), s. 554. Jens Nilssøn omtalar i 1597 Våler som anneks til Hof, men visiterer ikkje kyrkja i Våler. I 1848 blir Våler overført til det nyutskilte Åsnes prestegjeld før Våler blir eige prestegjeld (og eigen kommune) i 1853.Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Hedmark
Frå 1600-talet av finst skildringar av kyrkja. I 1686 vert ho omtala som skrøpeleg. Våpenhuset har blåse ned, og «svillene behøves at sammenbindes i alle kirkens fire hjørner.»Risåsen (2004), s. 55. Ut frå ei skildring frå 1739 er det tydeleg at kyrkja då har vorte utvida til krosskyrkje og fått våpenhus samt eit enkelt tårn med spir. Det skal dreie seg om ei blanding av lafta og stavbygde delar, og det som har kome til, er kan hende ei blanding av gamalt og nytt. Vegger og galleribrystningar (eller delar av dei) har truleg blitt rosemåla. Mot slutten av 1700-talet er kyrkja igjen for lita, og i 1786 er ho skildra som skrøpeleg.Brendalsmo (2015), s. 61. Dessutan var staden der kyrkja stod, utsett for flaum. Det er nærliggjande å tru at Storofsen i 1789 gjekk sterkt ut over kyrkja, og den gamle kyrkjetomta skal etter flyttinga ha blitt vaska bort av Glomma.Risåsen (2004), s. 56.
I 1804 vart det gjeve løyve til å oppføre ei ny kyrkje ein kilometer lengre nord. Nær den gamle kyrkjestaden hever Lisbettangen seg over resten av landskapet som eit lågt platå. Oppe på platået er eit minnesmerke over Mariakyrkja, den såkalla Olavspila, som viser til ei skildring i soga om Olav den heilage der kong Olav skjøt ei pil for å avgjere kvar kyrkja skulle byggjast. Minnesmerket er teikna av Rolf Arne Lie Holter og vart avduka 31. august 1997.Informasjonstavle på staden På staden er òg ein flaumstein der vasstanden frå Vesleofsen i 1995 er markert, og ved sida av er ei informasjonstavle om kyrkja som har stått på staden.Kartmarkeringa viser til minneparken. Ei øy sørvest for kyrkjestaden vert kalla Kirkeholmen.
Gjenstandar frå Mariakyrkja mini|Den såkalla Olavsspenninga skal etter segna ha vore ein del av hestebisselet til kong Olav, og vart kan hende brukt som dørring i mellomalderen. thumb|Dørbeslag frå Mariakyrkja overført til sørportalen i krosskyrkja frå 1806 Noko av det sentrale inventaret i krosskyrkja frå 1806 var overført frå Mariakyrkja. Det gjeld til dømes altartavla og døypefonten, som båe vart redda ut av den brennande kyrkja i 2009.Dagbladet, 29. mai 2009
Altartavle Ein trur at altartavlaAvbilda i Digitalt museum vart skoren av Johannes Skraastad, truleg rundt 1686.Dahl (2015), s. 179. Tavla er påført årstalet 1697, som ein meiner viser til stafferinga. Tavla har eit krossfestingstablå i hovedetasjen og over dette ein medaljong med eit Getsemane-motiv og dessutan ei rekkje figurar. Tavla er restaurertJf. Dahl (2015), s. 177. og heng på ein sidevegg i Våler nye kyrkje.Jf. bilete på Kyrkjesøk.
Døypefont Ein trur at døypefonten av klebersteinAvbilda i Digitalt museum er frå siste halvdel av 1100-talet.Risåsen (2004), s. 53. Fonten er i romansk stil og har flettverksmønster og akantusrankar.
Anna Ein altarkalk med disk i gotisk stil skal ha blitt skjenkt til kyrkja på 1200-talet. Sjølve kalken vart fornya i 1717. Eit dørbeslag frå 1200-talet var montert på sørportalen i kyrkja som brann. I Oldsaksamlinga finn ein den såkalla Olavsspenninga, som ifølgje ei segn skal ha sete i hestebibisselet til Olav, og som ein trur har vore brukt som dørring i mellomalderen. Frå Mariakyrkja stammer òg ei kiste datert 1690,Avbilda i Digitalt museum og ei dragekiste i Gjesåsen skal vere laga av rivingsmaterialar frå Mariakyrkja.
Kjelder
Våler kirkelige fellesråd om Mariakyrkja
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Hedmark fylke (Riksantikvaren, 2015), s. 61–62
Denne artikkelen bygger på «Mariakirken (Våler)» frå , den 18. september 2018.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kulturminne i Våler i Innlandet Kategori:Kyrkjer i Våler i Innlandet Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg