mini|Neendakara der prosjektet starta mini|Is- og kjølelager knytt til Fiskeriprosjektet i Kerala i Kollam. mini|Plakett for Fiskeriprosjektet i Kerala i Kollam. Fiskeriprosjektet i Kerala var det første u-hjelpsprosjektet til Noreg, og vart starta i 1952 i den indiske delstaten Kerala. Det var eit forsøk på å styrkja den lokale fiskeriindustrien, blant anna med motorisering av båtar. Prosjektet vart avslutta i 1972 og då var bistanden berekna til 122,3 millionar kroner. Fiskeribistand til Kerala førte til overfiske - norad.no,10.12.2012, besøkt 25.9.2016

Prosjektet byrja i Quilon (no Kollam) med middel frå Indiafondet og omfatta i tillegg til fiske også helse, vassforsyning (med bygging av røyrfabrikk) og landsbyutvikling. Etter kvart, i 1961, vart verksemda i Quilon avvikla og prosjektet flytta til Cochin/Ernakulam, no med berre satsing på fiskeri, der det vart bygd isfabrikk og verkstad med slipp for båtane, og dessutan eige bustadsområde for dei norske bistandsarbeidarane.

Arne Martin Klausen og Johan Galtung kritiserte prosjektet.Tore Rosenberg: Bistand eller business? Norsk miljøbistand 2005-2013, masteroppgave i historie, Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo, 2014, s. 26.

Prosjektet hadde tre mindre sattelittprosjekt i Mandapam, Kannur og Karwar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fiskeriprosjektet i Kerala» frå , den 20. september 2018.

Referansar

Litteratur Arne Martin Klausen:Fiskere i Kerala, en norsk etnograf skildrer to fiskerlandsbyers møte med motoralderen Johan E. Hareide:Sidelengs i sanden: Førti månader med det norske prosjektet i Kerala Gerhard Meidel Gerhardsen: Det norske eksperiment i Kerala Helge Øystein Pharo: Help til selvhjelp; det indisk norske fiskeriprosjekt Kerala-hjelpen til India, artikkel ved Norgeshistorie.no

Bakgrunnsstoff

Omtale i The Hindu 13. januar 2013 i samband med skipinga av prosjeket, 60 år tidlegare

Kategori:Fiske Kategori:Kerala Kategori:Utvikling