thumb|Hovudbygningen (våningshuset) ved Oddernes prestegard thumb|Prestegardsbygningen før arbeida i 1923, med ei fløy som sidan er riven. Oddernes prestegard ligg like nord for Oddernes kyrkje.

Kyrkja er frå mellomalderen, og det har vore prestegard på staden sidan reformasjonen. Dagens hovudbygning vart oppført i 1759–61 etter at den førre brann. Det vart utført større endringar og vølingar i 1892 og 1923, dei siste etter teikningar av Niels Winge Grimnes. Prestegarden vart freda av Riksantikvaren i 1991. Han vart noko modernisert i 1994.

Hovudbygningen (våningshuset) er eit laftebygg i to og ein halv etasje med ståande panel og saltak. Han hadde før 1923 ei ekstra fløy i full høgd vinkelrett på den noverande, og fargen har variert. I dag er han kvit. Nordover og så vestover frå våningshuset går lavare fløyer. Dei tre fløyene dannar eit gardstun med utgang mot Jegersbergveien i vest. Bygningsmassen er omgjeven av eit hageanlegg som i tur er omgjeven av Oddernes kyrkjegard.

I området rundt prestegarden og kyrkjegarden er ei rekkje jernaldergravar.Kjempegravene på Oddernes (Frans-Arne Hedlund Stylegar om arkeologi)

Kjelder Oddernes prestebolig hos Opplysningsvesenets fond

Fotnotar

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Kristiansand Kategori:Byggverk i Kristiansand Kategori:Gardar i Agder