Johan Mikkel Mikkelsen Sara, kjend som Johan Mikkel Sara, () er ein samisk politikar. Sara var sametingsrepresentant alle dei fem periodane frå starten i 1989 til 2009, og var varapresident frå etter valet i 2005 til 26. september 2007.Presentasjon av Johan Mikkel Sara på nettstaden til Det norske sametinget

Etter sametingsvalet i 2005 var Sara ein av den såkalla «firarbanden», som var på vippen mellom NSR og Arbeidarpartiet, og som i kraft av denne forhandlingsposisjonen fekk framståande posisjonar i Sametinget ved å samarbeide med NSR. Dette samarbeidet skar seg i september 2007 og Sara og leiaren for NSR, Aili Keskitalo, måtte gje frå seg presidentskapet til Arbeidarpartiet.

Sara er næringsdrivande og busett i Oslo.«Johan Mikkel Sara» på nettstaden til NRK Sameradioen

Ved Sametingsvalet i 2009 var Sara andrekandidat på lista til Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Noreg valkrins, men han vart ikkje innvald.Marit Laila Anti og Klemet Anders Sara: «Veteranene røk ut» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 16. september 2009

Referansar

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Johan Mikkel Sara på nettstaden til Det norske sametinget «Johan Mikkel Sara» på nettstaden til NRK Sameradioen

Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Sametingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Sametingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Sametingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009