«If—» er eit dikt av den britiske forfattaren og lyrikaren Rudyard Kipling. Det vart skrive i 1895. Diktet uttrykkjer det stoiske mannsidealet frå Viktoriatida, medrekna «The stiff upper lip» som populærkulturen har gjort om til ein typisk britisk dyd. Diktet vart vald til engelsk favorittdikt i ei opinionmåling av BBC i 1995. Det er òg vorte gjenstand for mange parodiar.
Diktet er omsett til ei rekkje språk, inklusive av André Bjerke, som gav det tittelen «Hvis -». Ei anna omsetjing verd å merka seg, er den til burmesisk av Nobels fredspris-vinnaren Aung San Suu Kyi. Kipling-diktet «Mandalay» eller på norsk «Den vei til Mandalay» handlar om landet hennar, som seinare blei kjend som Burma eller Myanmar. Text
Norsk tonesetting Tore Magnus Pettersson har tonesett André Bjerke si omsetjing av diktet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «If—» frå , den 23. september 2018.
Kategori:Engelske dikt Kategori:Rudyard Kipling Kategori:Viktoriatida Kategori:Kultur i 1895