mini|De Havilland DHA-3 Drover

De Havilland DHA-3 Drover var eit australsk bygd, lågvinga, tre-motors passasjerfly, konstruert og bygd av de Havilland Australia seint på 1940-talet. Flyet hadde likskapstrekk med den to-motors, britisk-bygde De Havilland DH 104 Dove.

Det vart berre bygd 20 eksemplar av denne flytypen som flaug for fyrste gong i 1948. Flyet vart nytta som passasjar- og fraktfly av dei australske selskapa Qantas og TAA. Modellen er likevel mest kjend som ambulanseflyet som Royal Flying Doctor Service of Australia brukte til eit godt stykke ut på 1960-talet.

Drover vart bygd for å erstatta de Havilland Dragon Rapide som då var i utstrekt bruk i Australia, mellom anna hos Royal Flying Doctor Service.

Spesifikasjonar mini|Drover VH-DHM tilhøyrande Historical Aircraft Restoration Society.

Dimensjonar

Lengd: 11 m Vengespenn: 17,38 m Høgd: 3 m Tomvekt: 1 859 kg Lastekapasitet: 681 kg Max. take-off vekt: 2 950 kg Max drivstoff: 408 liter Besetning: 1 pilot Passasjerar: 6–8

Ytingar

Toppfart: 225 km/t Marsjfart: 201 km/t Rekkjevidd: 805 km Stigningsevne: 244 m/min Startlengd: 475 meter Landingslengd: 460 m. Motorar: 3× De Havilland Gipsy Major Mk-10 4-sylindret luftkjølt rekkjemotorar: 145 hk

Kjelder Denne artikkelen bygger på «De Havilland DHA-3 Drover» frå , den 24. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Foto av prototypen Kategori:Passasjerfly