Einar Sverre Pedersen () var ein norsk flygar som var sjefnavigatør i SAS.

Pedersen vart utdanna som navigatør i Little Norway under krigen. Han var seinare navigatør på Stockholmsruta, som var sambandsleddet mellom regjeringa i London og Sverige før han vart overført til 330 skvadron på Shetland. Han var med i den besetninga som flaug det første flyet til Noreg den 8. mai 1945 med den britiske forhandlingsdelegasjonen.

Pedersen vart tilsett i dåverande DNL i 1946 for å driva navigatørkurs for selskapet sine flynavigatører. Han utvikla ein metode for navigasjon i Arktis og over Nordpolen, noko som førte til at SAS vart det første flyselskapet med ruteflyging frå Europa til Asia over Nordpolen.

Saman med bror sin starta han i 1958 selskapet Norsk Polarnavigasjon AS, med det føremålet å utforska høva for oljeboring på Svalbard og i Alaska. Saman med ektefellen Ingrid starta han i 1963 flyselskapet Svalbardfly for intern transport på Svalbard.

Som pensjonist busette Pedersen seg i Anchorage i Alaska. For pionerinnsatsen sin i polarnavigasjon vart han utnemnd til æresdoktor ved University of Alaska.

Han gav i 1969 ut boka Polarbasillen – tretti år rundt arktis (Cappelen forlag). Boka har forord av Helge Ingstad.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Einar Sverre Pedersen» frå , den 24. september 2018.

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske navigatørar Kategori:Norske flygarar