Einar Hallesby Lunde (fødd 13. mars 1943 i Oslo) er ein norsk kringkastingsmann.

Bakgrunn Den kjende mediemannen og biskopen Sigurd Lunde (1916–2006) var far hans. Den kjende teologiprofessoren og indremisjonsleiaren Ole Hallesby (1879–1961) var morfaren hans.

Lunde studerte ved Concordia College i Moorhead i den amerikanske delstaten Minnesota og ved Universitetet i Oslo (UiO). Allereie i studietida ved Concordia hadde han eit eige musikkprogram på den lokale studentradioen.

Karriere Lunde byrja karrierene i NRK som sommarvikar i NRK Dagsrevyen i 1968, og var frå 1970 fast nyhendeanker same stad.

Over ein toårsperiode frå 1973 til 1975 hadde Lunde permisjon frå NRK og arbeidd som programmedarbeider i Evangeliets røst i Addis Abeba.

Frå 1982 til 1986 var Lunde Afrika-journalist for NRK, og var frå 1990 tilbake som nyhendeanker. Han leidde to TV-aksjonar i NRK, den eine i 1981 og den andre i 1986.

Den siste sendinga til Einar Lunde var måndag 27. september 2010. Då gjekk han av med pensjon etter 42 års teneste for NRK.

I 1986 vart Lunde tildelt Brobyggerprisen og i 2006 fekk han TV-prisen.

I pensjonisttilveret har Lunde reist mykje rundt i Noreg og leia konferansar og debattar. Han var sist i nyhendebiletet for å ha løyst ein hyttekonflikt mellom naboar på Grindholmen, ei øy i Sandefjord kommune. Han er no til knytt til seg kommunikasjons- og rådgjevingsselskapet First House som assosiert partnar.

Bibliografi

Paradisveien: Dramatiske år i Afrika (1995). ISBN 978-82-516-1579-2 – Les i fulltekst Safari: Folk og røvere i Afrika (1998)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Einar Lunde» frå , den 26. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Digitaliserte bøker av Einar Lunde i Nasjonalbiblioteket. Kategori:Fødde i 1943 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Programleiarar for NRK