Anne Kure () var ein norsk hotelldirektør som åtte Anne Kures hotell i Voksenkollveien 20 i Oslo.
Bakgrunn Kure var fødd i Rygge i Østfold. Etter å ha arva nokre hundre korner reiste ho til Stockholm, der ho lærte massasje og sjukegymnastikk. Ho prøvde å driva med dette i Moss, utan å lukkast.
Ho byrja i arbeid ved hotellet til venninna Sidsel Aanrud på Egertorget i Kristiania. Etter at Aanrud gifta seg overtok ho som styrar, og i 1886 opna ho òg eige hotell i leigde lokale på hjørnet av Karl Johans gate og Kirkegaten.
Anne Kures hotell mini|venstre|Anne Kures hotell fogorafert av Narve Skarpmoen i 1905. mini|venstre|Anne Kures hotell (etter påbygging), ca. 1935. mini|Ruinen av Anne Kures hotell i 2015
Saman med professor Bredo Morgenstierne kjøpte Kure ein eigedom på 65 mål i Voksenkollveien for 400 kroner per mål. Der bygde ho sitt store hotell som opna i 1899.
Anne Kure var òg aktiv som medlem i Norsk Hotelforening (seinare Norsk Hotell- og Restaurantforbund, no Reiselivsbedriftenes Landsforening), og var ein pådrivar for betre opplæring av hotellfolk.
Som mange andre gav òg Anne Kure eit bidrag til det som vart Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon. Ho gav 500 kroner.
Edvard Munch skreiv i eit udatert brev mellom anna:
«Det er nok et deiligt sted Anne Kure – Du kan få spise der ved småbord så Du ikke behøver at sidde med mange.»
Kure døydde ugift i 1914 i Kristiania. Då ho døydde vart hotelldrifta overteken av andre medlemmar av Kure-familien, først av niesa Marthe Kure og deretter, rundt tjue år seinare, av Sofie og Petra Kure. I 1927 blei ein sti i nærleiken kalla Anne Kures sti.
Hotellet brann ned til grunnen natt til 3. mai 1941 medan tyske soldatar budde der. Ifølgje Aftenposten omkom to personar i brannen: pastor Thomas Maroni og ein tyskar. Dessutan vart ein norsk hushjelp såra og lagt inn på sjukehus. Hotellet vart aldri bygd opp igjen. Restar av grunnmuren står der enno.
Sjå òg Voksenkoll-ulukka som fann stad like ved 18. desember 1945
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Anne Kure» frå , den 3. oktober 2018.
Kategori:Folk frå Rygge Kategori:Norske hotelleigarar