Målselv kommune (nordsamisk Málatvuomi gielda) er ein kommune i Troms fylke. Kommunen ligg sentralt i dei indre delane av fylket og grensar i nord til kommunane Senja, Balsfjord og Storfjord, i sør til Bardu, og i vest til Sørreisa. I aust grensar Målselv til Sverige.
Tettstader Andsli Andslimoen Heggelia Skjold Moen
Folketalsutvikling Folketalet i Målselv kommune nådde toppen i 1975, då kommunen hadde 8118 innbyggjarar. Sidan då har folketalet vore i nedgang.
Folketalsutvikling for noverande Målselv kommune frå 1910: 1910"Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Målselv 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Øverbygd 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3894ab 4094ab 4292ab 5359ab 5533ab 6718ab 8025a 7777 7379 7011 6510 aDette talet omfattar Blomli i Fagerfjell krins, som var del av Målselv kommune fram til 1972, då det vart overført til Lenvik kommune. Dette området hadde då 63 innbyggjarar. bDette talet omfattar ikkje Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då dei vart del av Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje garden Skogli ved Heia, som var del av Balsfjord kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då han vart del av Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje Sørelvmo krins, som var del av Balsfjord kommune fram til 1966, då han vart overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 131 innbyggjarar.
Folk frå Målselv Folk frå Målselv kallast målselvdølar. Harald Solberg (1954—2020) keramikar, direktør for Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1848