Mål og Makt er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. Mål og Makt vart gjeve ut fyrste gong i 1934, men sovna raskt att. Etter 1934 gav Studentmållaget ut fleire aviser og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I 1971 vart tidsskriftet skipa under namnet Sentrum og Periferi, og det bytte namn til Mål og Makt alt året etter. Fram til 1998 var bladet fyrst og fremst eit målteoretisk tidsskrift, men etter den redaksjonelle endringa det året liknar bladet no meir på 30-talsbladet med same namn. Bladet kjem med tre til fire nummer i året, og har eit opplag på om lag 500.Mål og Makt nr. 165, 2016

Sidan det er Studentmållaget som gir ut Mål og Makt er dei fleste i skriftstyret knytt til målrørsla. Tidsskriftet tek imot alle tekstar så lenge dei er skrivne på nynorsk. Såleis dukkar det opp mange ulike tema og saker. Språkpolitikk, språkhistorie og sosiolingvistikk er gjentakande tema. Somme utgåver har temanummer, som til dømes Latin-Amerika eller feminisme.Mål og Makt nr. 165, 2016Mål og Makt nr. 152, 2012 I dei siste åra har Mål og Makt gitt to skribentar fast plass i tidsskriftet. Assad Nasir, debattant og lektor, skriv dikt på bakerste side. Den andre faste skribenten går under dekknamnet Lullen Fanitullen. Mål og Makt skildrar henne som «ei forunderleg kvinne som ingen forlèt utan å fått merke av henne». Ho skriv vanlegvis openhjarta om sine romantiske uhell.Mål og Makt nr. 159, 2014Mål og Makt nr. 164, 2016

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Mål og Makt Digitalt arkiv

Kategori:Målrørsla Kategori:Målblad Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Språktidsskrift Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Norsk Målungdom Kategori:Studentmållaget i Oslo Kategori:Skipingar i 1971