mini|Eit passasjertog strevar i bakkane mini|Toget klatrar gjennom grøn skog Nilgiri Mountain Railway er ein tannstongjarnbane mellom Mettupalayam og Ugamandalam (Ooty) i Tamil Nadu i det sørlege India. Banen vart bygd av britane i 1908, og vart frå starten driven av Madras Railway Company. Banen nyttar framleis dei gamle damplokomotiva. I juli 2005 vart banen sett på UNESCO si verdsarvlist etter å ha tilfredsstilt kriteria, og lova å avstå frå modernisering.NMR added as a World Heritage Site

Banen er den einaste tannstongbanen i India. Han har meterspor, og er 48 km lang. Den gjennomsnittlege stigninga er 1:24, men på det brattaste 1:12. Over ei 46 kilometer lang strekning går banen gjennom 208 svingar, 16 tunnelar og over 250 bruer. Turen opp tek 290 minutt, ned 215.

Mot det som er normalt for tog, skyv lokomotivet toget oppover på den brattaste strekninga, medan det på nedturen er plassert i front av toget. Dette vert gjort for at lokomotivet lettare skal kunne stogge toget om bremsane i vognene svikta. Etter Coonoor og fram til Ooty er det etter måten flatt, og her dreg lokomotivet toget på vanleg vis. På denne strekninga vert det no nytta diesellokomotiv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nilgiri Mountain Railway» frå , den 1. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Smoke from train engine triggers panic Nilgiri Mountain Railway Tour Guide and Photos Indian railways site on the NMR Anda til image info Toy train chugs on Ooty train Photographs 20 photos between Ooty and Coonoor The toy train chugs on International Working Steam

Kategori:Jarnbane i India Kategori:Tamil Nadu