«Gimme All Your Lovin'» er ein song av ZZ Top frå 1983 på albumet Eliminator. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1983.
Songen gjorde det først dårleg i Storbritannia då han kom ut i august 1983, men etter at bandet hadde hatt suksess i USA, der singelen nådde 37. plassen på US Billboard Hot 100-lista) vart han raskt gjeven ut på ny og nådde då tiandeplassen på UK Singles Chart. Dette er den høgaste plasseringa dei oppnådde på lista der, likt med versjonen deira av Elvis Presley sin «Viva Las Vegas». Songen vart produsert av manageren deira Bill Ham, og spelt inn og miksa av Terry Manning.
Musikkvideo Musikkvideoen vart regissert av Tim Newman, og syner ZZ Top som spelar på ein bensinstasjon i lag med skodespelaren og modellen Peter Tramm som ung mekanikar. Videoen introduserte fleire klassiske ZZ-kjenneteikn, som en raude «ZZ Eliminator-bilen» «ZZ-nøkkelknippe» og «Tre ZZ-jenter» som heltinner. Det var den første av ein serie slike ZZ Top-videoar. Tramm regisserte òg den seinare musikkvideoen til «Sharp Dressed Man».
Salslister
Vekeslister Liste (1983–1985)PlasseringAustralia (Kent Music Report)82France (IFOP)19US Billboard Hot 10037US Billboard Top Tracks2US Cash Box. Cash Box.43
Liste (1999)1Plassering 1Gimme All Your Lovin' 2000
Årslister Liste (1985)PasseringBelgia (Ultratop 50 Flandern)76Nederland (Nederlandsk Topp 40)56Nederland (Single Top 100)52
Andre versjonar Kym Mazelle og Jocelyn Brown si utgåve frå 1994, som samplar C+C Music Factory sin «Deeper Love», nådde 22. plassen på UK Singles Chart. I 1993 spelte det finske bandet Leningrad Cowboys inn ein versjon på hovudtorget i Helsinki i lag med Raude armé-koret, og ein liten bit av den sovjetiske nasjonalsongen i arrangementet. Ein house/moderne R&Bversjon kalla «Gimme All Your Lovin' 2000», nytta samplingar frå originalen med rap-tekst av Martay i 1999. Lonestar gav ut ein versjon av songen i 2002 for albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top. Ein versjon vart spelt inn av musikaren John Roderick og gjeven ut som ein del av Sweetheart 2010 på iTunes. I 2011 gav Filter ut songen på hyllestalbumet ZZ Top: A Tribute from Friends. «Gimme All Your Lovin'» vart nytta i filmane The Santa Clause (1994) og Happy Feet (2006). «Gimme All Your Lovin'» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto V og Guitar Hero World Tour.
Medverkande Billy Gibbons – gitar, solovokal Dusty Hill – bass, korvokal Frank Beard – trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gimme All Your Lovin'» frå , den 1. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Lonestar-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Gibbons Kategori:Songar skrivne av Dusty Hill Kategori:Songar skrivne av Frank Beard Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:ZZ Top-songar Kategori:Leningrad Cowboys-songar