Spare Parts er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo og det siste albumet deira med psykedelisk musikk. Det er òg det første der scenearbeidaren til bandet, Bob Young byrja å skrive songar for og med bandet.

Albumet inneheld ein song skriven av Carole King og Gerry Goffin, «You're Just What I Was Looking for Today». Berre ein song vart gjeven ut på singel. Dette var ein song av Anthony King, «Are You Growing Tired of My Love», med ei B-side av Alan Lancaster, «So Ends Another Life». Songen kom ut i april 1969 og nådde 46. plassen på den britiske singellista.

Albumet kom ut i september 1969, men selde dårleg.

Etter det skuffande albumet gav bandet ut ein singel som ikkje var med på albumet, The Everly Brothers sin «The Price of Love», som òg kom ut september 1969 med ei B-side av Francis Rossi og Rick Parfitt, «Little Miss Nothing».

Innhald

Medverkande Francis Rossi - gitar, vokal Rick Parfitt - gitar, vokal Alan Lancaster - bass, vokal John Coghlan - trommer Roy Lynes - orgel, vokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Spare Parts (album)» frå , den 2. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Pye Records-album Kategori:Engelske psykedeliske rockealbum