Antony Beevor () er ein britisk forfattar og historikar. Han er utdanna ved Winchester College og Sandhurst og tenestegjorde som offiser i den britiske hæren i Storbritannia og Tyskland i åra 1967–1970.
Som forfattar av historiske verk er bøkene til Beevor kjenneteikna av utstrekt bruk av kjelder og den omfattande tilgangen hans til arkivmaterial. Samstundes er forteljarteknikken hans slik at lesaren òg følgjer individuelle skjebnar og opplevingar. Den omfattande dokumentasjonen hans av dei sovjetiske overgrepa både i Stalingrad, men særleg i Tyskland, medførte kritikk frå Russland.
Bøkene til Beevor er omsette til 30 språk og selt i 6 millionar eksemplar.Aftenposten Historie nr. 11 2015
Nyårsaftan 2016 vart Beevor utnemnd til Knight Bachelor.The London Gazette, Supplement 61803, 31. desember 2016, s. N2. Han vart dermed opphøgd i riddarstanden og fekk rett til å føra tiltaleforma sir føre namnet.
Beevor vart i 1997 gjort til riddar av den franske Ordre des Arts et des Lettres. I 2008 vart han tildelt den estiske Terra Mariana-ordenen, og i 2016 vart han kommandør av den belgiske Kroneordenen.«Antony Beevor - Biography», antonybeevor.com, besøkt 31. desember 2016. Bibliografi - historiske verkar
The Spanish Civil War, 1982 Inside The British Army, 1990 Crete – The Battle and the Resistance, 1991 Paris after the Liberation 1944-1949, 1994, skriven med ektefellen Artemis Cooper, norsk utgåve Paris – Etter frigjøringen 1944-1949, 2005 Stalingrad, 1998, Norsk utgåve 2002 Berlin – The Downfall 1945, 2002,http://www.age-of-the-sage.org/history/historian/Antony_Beevor.html norsk utgåve Berlin – nederlaget 1945 ISBN 82-04-09992-4 2003 The Mystery of Olga Chekhova, 2004, norsk utgåve 2004 The Battle for Spain: The Spanish Civil War 1936-39, 2006, norsk utgåve 2006 D-Day: The Battle for Normandy, 2009, norsk utgåve 2009 The Second World War, 2012, norsk utgåve 2012 Ardennene 1944 Hitlers siste sjansespel norsk utgåve 2015 ISBN 9788202482282
Bibliografi - romanar
Violent Brink, 1975 The Faustian Pact, 1983 For Reasons of State, 1980 The enchantment of Christina von Retzen, 1989
Prisar
1999 – Hawthornden Prize og Samuel Johnson Prize for Non-Fiction for Stalingrad
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antony Beevor» frå , den 4. oktober 2018.
Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Britiske historikarar Kategori:Britiske offiserar Kategori:Britiske sakprosaforfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Knights Bachelor