Fylkesmagasinet er ei gratis reklamefinansiert avis/magasin som kjem ut i heile Sogn og Fjordane. Ho vart trykt første gongen i 2001 av Media Bergen, A til Å reklamebyrå, Ole Jonny Klopstad og Tore Fossen. I dag vert avisa gjeven ut av Inform Media AS som har hovudkontor i Førde. Fylkesmagasinet kjem ut kvar 14. dag.

Frå oppstarten vart avisa fort ein populær marknadsføringskanal, av di ho vert send gratis rett i postkassa til alle husstandar innanfor dekningsområdet, i tillegg til at annonseprisane vart lagt lågare enn det som er vanleg i lokalavisene i området.

Bakgrunnsstoff

Inform Media AS ved Inform.as

Kategori:Aviser i Vestland Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 2001