Limband, teip eller tape, er band av tekstil, cellofan eller plast med lim på eine eller begge sider. Limband vert brukt til å binda saman eller festa noko, anten mellombels eller permanent. Enkeltsidig limband kan brukast til å binda saman to overlappande eller tilliggjande materialar, medan dobbeltsidig limband (med lim på begge sider) kan brukast til å binda saman to gjenstandar rygg mot rygg.
Limbandet vart funne opp i 1925 av Richard Drew i det amerikanske selskapet 3M.
Anna Skrivemåten «tæip» har vore vurdert som alternativ skrivemåte på norsk av Norsk språkråd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Limbånd» frå , den 6. oktober 2018.
Kategori:Festemiddel Kategori:Husgeråd Kategori:Kontorrekvisita Kategori:Skipingar i 1925