Robert Rauschenberg () var ein amerikansk kunstnar. Måleria og grafikken hans var forløparar for pop art-rørsla. Rauschenberg er velkjend for Combine (1954–1964), ei gruppe kunstverk som nytta daglegdagse gjenstandar som kunstmaterial og som viska ut skiljet mellom måleri og skulptur. Rauschenberg dreiv hovudsakleg med måleri og skulptur, men nytta også fotografi, trykk, papirtilverking og performance.

venstre|mini|Robert Rauschenberg, Riding Bikes, Berlin, 1998

Han vart omtalt som ein av dei viktigaste kunstnarane i USA i siste halvdel av 1900-talet.

Rauschenberg studerte ved kunstskolen Black Mountain College i USA, under den tidlegare Bauhaus-profilen Josef Albers. Ifølgje Rauschenberg sjølv blei han eit døme på det motsette av den strenge disiplinen Albers stod for. Sjølv om han rekna Albers som den viktigaste lærarensin, hadde han meir til felles med John Cage, ein samtidskomponist som hadde gått vekk frå læresetningane til instruktøren sin Arnold Schoenberg og mot ei meir eksperimentell tilnærming til musikk. Cage gav støtte og oppmuntring til Rauschenberg i den tidlege delen av karrieren hans, og dei blei verande vennar og kunstnariske samarbeidspartnarar i fleire tiår framover.

Rauschenberg sin kunst blei omtalt som «Neo-Dada» (nydadaisme) på 1950-talet, i likskap med den til Jasper Johns.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robert Rauschenberg» frå , den 27. februar 2026.

Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet Kategori:Postmodernisme