Johnny Weissmuller () var ein amerikansk symjar og skodespelar.

Weissmuller var ein av dei beste symjarane i verda i 1920-åra. Han vann mellom anna fem gullmedaljar i OL  og sette 67 verdsrekordar i løpet av karrieren. Han deltok òg på det amerikanske vasspololaget som oppnådde bronsemedalje under Sommar-OL 1924. Etter symjekarrieren spelte han Tarzan i tolv spelefilmar. Andre skodespelarar spelte òg Tarzan, men Weissmuller er den best kjende av dei. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Weissmuller vart fødd i byen Freidorf (ein del av dagens Timişoara i Romania) i Austerrike-Ungarn. Foreldra var frå den tyskspråklege minoriteten i regionen. Familien emigrerte til USA då han var sju månader gammal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Johnny Weissmuller» frå , den 8. oktober 2018.

Litteratur

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Symjarar frå USA Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1924 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1924 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1924 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1928 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1928 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1928 Kategori:Austerriksk-amerikanarar