Sandra Konstance Nygård Borch () er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho var landbruks‑ og matminister 2021–2023, og forskings- og høgare utdanningsminister 2023–2024 i Regjeringa Støre.

Politisk karriere Borch kjem frå Lavangen og var i tida mellom 2011 og 2013 leiar i Senterungdommen.

Frå 2017 har ho representert Troms fylke og Senterpartiet på Stortinget. På Stortinget var ho medlem i Energi- og miljøkomiteen 2017–2021.

Statsråd Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var ho landbruks‑ og matminister i Regjeringa Støre. Den 4. august 2023 tok ho over som forskings- og høgare utdanningsminister. Borch melde avgang den 19. januar 2024, og gjekk av den 23. januar, etter at det vart kjent at ho hadde plagiert 20 % av masteroppgåva si frå andre, tidlegare tekstar.

Anna I desember 2025 fortalde Borch at ho hadde lagd seg inn på institusjon som følge av alkoholproblem. Februar 2026 vart ho dømd i ein tilståingsdom for to tilfelle av fyllekøyring i oktober 2025 med høvesvis 0,64 og 1,56 i promille. Borch vart dømd til 30 dagars vilkårsbunde fengsel, med ei prøvetid på to år. I tillegg måtte ho delta på eit «Program mot ruspåvirket kjøring», mista førerkortet i tre år og 100 000 kroner i bot.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Leiarar i Senterungdomen Kategori:Norske juristar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Lavangen