Melodi Grand Prix er ei årleg, norsk musikktevling som blir arrangert av Norsk rikskringkasting. I tevlinga deltar eit utval nye songar, og vinnaren får representere Noreg i Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix er eit av dei eldste tv-programma i Noreg, og den første utgåva blei halden i 1960. Sidan har tevlinga blitt arrangert kvart år, med tre unntak: I 1970, då NRK boikotta Eurovision Song Contest; i 1991, då NRK avlyste tevlinga; og i 2002, då Noreg ikkje var kvalifisert til Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix, forkorta MGP, er det offisielle namnet på den norske konkurransen, men på folkemunne nyttast «Melodi Grand Prix», eller berre «Grand Prix», ofte om Eurovision Song Contest også. Starten På 1950-talet var Europa framleis prega av etterdønningane etter andre verdskrigen. Etter forslag frå den sveitsiske fjernsynsmannen Marcel Bezençon, jobba derfor Den europeiske kringkastingsunionen for å skape eit samlande, felleseuropisk tv-program. Unionen vurderte fleire forslag og alternativ, men til slutt fall valet på ein internasjonal songkonkurranse, inspirert av den italienske San Remo-festivalen. Den første finalen blei halden i 1956 med sju deltakande land.Den europeiske kringkastingsunionen. «The Story – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunionen. Vitja 28. august 2016. miniatyr|Nora Brockstedt blei den aller første vinnaren av Melodi Grand Prix. I Noreg starta NRK med jamlege tv-prøvesendingar i 1958, og hausten etter gjekk startskotet for norsk Melodi Grand Prix-historie. I ei kortfatta utlysing i norske aviser hausten 1959 het det: «Hvem lager den beste norske slageren? NRK innbyr til konkurranse. Ledd i Eurovisjonens Melodi Grand Prix 1960.» 303 songar kom inn.Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Oslo: Atheneum. s. 28, 99. ISBN 8273341232. Namnet «Melodi Grand Prix» var henta frå danskanes nasjonale konkurranse, som igjen var inspirert av den internasjonale finalen, då kalla Eurovision Grand Prix.
Noregs første Melodi Grand Prix-sending gjekk torsdag 4. februar 1960 i NRK Radio. Det var ein semifinale der ein timannsjury skulle vurdere elleve songar og plukke ut seks av dei til finalen. Artistane Jens Book-Jenssen og Inger Jacobsen delte på å syngje dei elleve semifinalistane, og dei seks beste songane avanserte til finalen i Store Studio i Oslo laurdag 20. februar 1960. Finalen blei send i både radio og fjernsyn, sjølv om det enno var eit halvt år att til den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.Fjernsynets historie (22. april 2009). «Fjernsynets historie». Norsk rikskringkasting. Vitja 28. august 2016.
Vinnaren blei Georg Elgaaens «Voi Voi», framført av Nora Brockstedt. Dette ble såleis Noregs første bidrag til Eurovision Song Contest. Der enda Brockstedt på ein fjerdeplass, som framleis er eit av Noregs beste resultat i tevlinga.«1960 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway. Vitja 28. august 2016.
Format miniatyr|I 1986 gjekk den første finalen utanfor Oslo. Staden var Stavanger Forum, som òg husa finalen i 1989. Dette er dei einaste to åra finalen ikkje har funne stad i Oslo. Melodi Grand Prix har vanlegvis blitt arrangert som ei enkelt finalesending i Oslo ein laurdag kveld i februar eller mars. Men det har vore fleire unntak. Nokre år har NRK arrangert semifinalar føre finalen: 1960, 1977, 1982, 1988, 1995 og 2014. I åra 2006–2013 gjorde også NRK om tevlinga til ein turné med delfinalar på ulike stader i landet, etter modell frå svenske Melodifestivalen. Finalen har funne stad i Oslo kvart år, med to unntak: 1986 og 1989, då Stavanger Forum husa sendinga. Sidan 2001 har finalen blitt send direkte frå Oslo Spektrum kvart år.
Opp gjennom åra har NRK prøvd seg på ei rekkje ulike tevlingskonsept. I 1979 fjerna NRK publikum, glitter og dekor og let artistane i staden framføre bidraga iført kvardagsklede. Poenget var å rette merksemda mot melodien, ikkje «innpakkinga» – ein tankegang som var gjennomgåande på 1960- og 1970-talet.Wærhaug, Sølvi (10. februar 1979). «Klart for Melodi Grand Prix». Verdens Gang. s. 52.Bergljot Engeset (25. januar 1975). «Melodi Grand Prix 1975 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. Vitja 10. august 2016 I åra 1992–1994 gjorde NRK konkurransen om til temafestar: sirkus, varieté og OL-fest. Dette hadde varierande suksess, og frå 1995 droppa NRK tema-konseptet.
Deltakartalet i konkurransen har svinga mellom 5 og 24 songar, og finalefeltet mellom 5 og 12 songar. I åra 1961–1968 og 1972–1976 blei også finalebidraga framførte i to versjonar: først ein gong med eit lite orkester eller band, så i ein ny versjon med stort orkester, vanlegvis Kringkastingsorkestret. Det var i tillegg ulike artistar som framførte dei ulike versjonane. Også her var inspirasjonen henta frå Sverige, og meininga var å gi jurymedlemmane eit breiare grunnlag for å vurdere låtane. Dei første åra var det NRK sjølv som valde ut artistane som skulle framføre songane. miniatyr|Anne-Karine Strøm har vunne tre norske finalar. Her i 1974 då ho vann med «Hvor er du». På 1960- og 1970-talet varte sendingane vanlegvis ein knapp time, mot nærmare 2,5 timar i 2017. Den kortaste finalen var i 1965, berre 34 minutt lang.Jostein Pedersen (23. mai 2006). «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Ballade.no. Vitja 28. august 2016. Finalane blei ofte også spelte inn om ettermiddagen og sende i opptak på fjernsyn same kveld, for å kunne redigere bort tekniske feil og eventuelle andre problem.Storeng, Jørn (18. mars 1978). «Grand Prix! Alle melodiene SKAL rangeres». Verdens Gang. s. 53. Den første finalen blei send i fargar i 1975, og to år etter blei den første finalen send i stereolyd på radio.
Sidan 1960 har det vore tre år utan ein norsk Melodi Grand Prix-finale. I 1970 trekte NRK seg frå Eurovision Song Contest for eitt år. Bakgrunnen var ei aukande misnøye og kritikk mot tevlinga i Noreg, og som ein protest mot at fire land måtte dele sigeren i Eurovision Song Contest 1969.«Norge ikke med i Melodi Grand Prix neste år». Aftenposten. 1. november 1969. s. 1 og 20. I 1991 avlyste NRK den norske finalen og grunngav det med «låg kvalitet og manglande originalitet» blant dei innsende bidraga.Idås, Bård (18. februar 1991). «Grand Prix-låtene for dårlige». Aftenposten. s. 4. I staden fekk NRK spesialskrive songen «Mrs. Thompson», som blei Noregs bidrag til Eurovision Song Contest 1991. I 2002 var det heller ingen norsk finale, sidan Noreg måtte stå over den internasjonale finalen etter å kome sist året før.
Per 2017 har det derfor vore 55 utgåver av Melodi Grand Prix, mens Noreg har deltatt 56 gongar i Eurovision Song Contest.
Val av bidrag Dei fleste åra har NRK invitert både profesjonelle komponistar og amatørar til å sende inn bidrag til ein open konkurranse. I tillegg pleier NRK å spesialinvitere utvalde komponistar og musikarar til å bidra. Opphavleg var tevlinga berre open for norske låtskrivarar, mens artistane kunne vere utlendingar. I 2003 opna NRK konkurransen for alle, og allereie året etter kom den første vinnarlåten som ikkje var skriven av nordmenn.
Dei andre reglane for Melodi Grand Prix har stort sett vore dei same som for Eurovision Song Contest. Det inneber mellom anna at songen ikkje må ha vore gitt ut tidlegare og vere toppen tre minutt. Fram til 1972 fekk heller ikkje grupper delta. Sidan har fleire reglar komne til, blant anna at artisten må ha fylt 16 år. miniatyr|Grupper blei tillatne i Melodi Grand Prix på 1970-talet. Her er Dizzie Tunes og Grethe Kausland i finalen i 1974. Inntil 1998 måtte dessutan bidraga syngjast på norsk eller eit samisk språk. Men NRK opna for at nokre strofer og ord kunne vere på framande språk, noko som forklarar titlar som «Inkululeko» og «Je ne sais pas» frå 1986 og 1988.
Språkregelen blei oppheva i 1998, og allereie året etter hadde alle finalelåtane engelsk tekst. Sidan 1998 har det berre vore ein vinnar med norsk tekst i Melodi Grand Prix: «Alvedansen» frå 2006.
Talet på innsende bidrag til den opne tevlinga har variert kraftig – frå 120 songar i 1975 til over tusen i 2017.Østbø, Stein (2. desember 2015). «MGP-Karlsen: Tror på norsk seier». VG Nett. Spesialjuryar har lytta gjennom bidraga og plukka ut ein handfull av dei til finalen. Dei første åra var juryen som regel folk internt i NRK, men i seinare tid har NRK henta inn ekspertise utanfrå for å hjelpe til med å velje ut låtane.
Ved fleire høve, som i 1976 og 1998–2001, har NRK droppa ein open konkurranse. I staden har kringkastaren retta seg direkte til profesjonelle og erfarne musikarar og bede dei levere bidrag til den norske finalen. Fram til 1971 var også alle komponistar og tekstforfattarar hemmelege til etter at resultatet var klart. Dette blei gjort for å unngå at jurymedlemmane skulle bli påverka av namna bak songane.
Røysting Ei rekkje ulike metodar har vore brukte for å kåre vinnaren i Melodi Grand Prix. Dei første åra var det som regel ein mannsdominert timannsjury som gav frå 1 til 10 poeng til kvar song. Dei sat i eit nabostudio til Store Studio og gav røystene sine derfrå. I 1960 var timannsjuryen forsterka med to tilfeldig utvalde publikummarar i Store Studio. Alle domarane sat bak ein vegg og synte poenga sine gjennom eit hol i veggen, for ikkje å la seg påverke av kvarandre.
Frå 1962 til 1964 bestod juryane av fem Oslo-journalistar – med konene sine, for «gi sitt votum ut fra et mer ikke-faglig synspunkt», som Aftenposten kalla det.«Norsk melodifinale i radio og fjernsyn søndag». Aftenposten. 15. februar 1962. s. 1.
Postkort og ekspertar miniatyr|Bobbysocks gav Noreg sin første siger i Eurovision Song Contest i 1985. Her frå den internasjonale finalen. I 1965 fekk publikum for første gong kåre vinnaren, då ved å sende inn postkort med nummeret på favorittmelodien sin. Året etter innførte NRK eit system med ti regionale juryar, eit system som blei brukt til 1969.
I åra 1971–1974 blei vinnaren kåra av 14 musikkinteresserte sjåarar frå ulike stader i landet. Halvparten av dei var under 25 år, og kvar medlem gav kvar song frå 1 til 5 poeng. Jurymedlemmane sat i eit nabostudio og synte poenga sine for open skjerm. I 1975 og 1978–1981 var folkedommarane bytta ut med profesjonelle musikarar.
Dei regionale jurygruppene kom attende i 1976 og 1977, og for fullt igjen frå 1982. I 1984 var det derimot ingen regionale juryar, men aldersdelte jurygrupper som sat i salen og røysta. Et liknande konsept blei brukt i 1989.
Lotto og telefon Utover 1990-talet gjorde moderne teknologi det mogleg for tv-sjåarane å seie meininga si. I 1994 blei publikum invitert til å røyste, for første gong sidan postkort-røystinga i 1965. Det blei gjort ved å gå til næraste lottokommisjonær og røyste via Norsk Tippings datasystem i dagane før finalen. I 1995 kunne sjåarane for første gong røyste over telefon, men då berre i dagane før finalen.
I 1997 fekk sjåarane for første gong røyste under sjølve finalen. Interessa var så enorm at telefonnettet i ei rekkje norske byar blei kraftig overbelasta og ein telefonsentral i Oslo braut saman. Truleg prøvde rundt 400 000 å røyste, men berre 70 000 kom gjennom.«Fullt tele-kaos». Verdens Gang. 9. februar 1997. s. 50. Først i 1999 gjekk telefonrøystinga prikkfritt.«282 000 ringte inn». Verdens Gang. 28. februar 1999. s. 44. Frå 1997 til 2001 blei vinnaren kåra av sjåarane sine røyster i kombinasjon med fagjuryar, men i 2003 blei fagjuryane fjerna, og sjåarane avgjorde heile resultatet aleine. Fagjuryane var attende i åra 2007–2013, men frå 2014 har resultatet igjen eine og aleine blitt avgjort av sjåarane.
Artistar og komponistar