Renee Cox () er ein jamaicansk-amerikansk kunstnar, fotograf, førelesar, kurator og politisk aktivist. Verket hennar blir rekna som del den feministiske kunstrørsla i USA. Nokre av dei best kjende og kontroversielle verka hennar er Queen Nanny of the Maroons, Raje og Yo Mama's Last Supper, som også er døme på black feminism-perspektivet hennar.

Bakgrunn Cox vart fødd i Colgate på Jamaica. Familien hennar høyrde til den øvre middelklassen. Dei flytta seinare til Scarsdale i New York.

Cox studerte film ved Syracuse University. Ho tok mastergrad ved School of Visual Arts i New York, og studerte deretter i eit år på Whitney Museum of American Art sitt Independent Study-program.

Etter studia konsentrerte ho seg om fotografi. Ho verka som assisterande moteredaktør ved Glamour Magazine og var deretter tre år i Paris der ho verka som motefotograf for blad som Votre Beaute og Vogue Homme og for designerar som Issey Miyake og Claude Montana.

Utstillingar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Renee Cox» frå , den 15. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Renée Cox: A Taste of Power. Intervju i Aperture. Renee Cox. Presentasjon ved Brooklyn Museum.

Kategori:Jamaicanske kunstnarar Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:Jamaicanske fotografar Kategori:USA-amerikanske fotografar Kategori:USA-amerikanarar av jamaicansk opphav