Twi (), også kjend som Akan Kasa, er eit språk eller ein dialekt innan akan som blir tala i sørlege og sentrale Ghana av fleire millionar folk som morsmål eller andrespråk.Jane Garry, Carl R. Galvez Rubino, "Facts about the World's Languages: An Encyclopedia of the World's Major Languages, Past and Present", H.W. Wilson, USA, 2001, page 8 Det blir også tala av folk i søraustlege Elfenbeinskysten.

Dei fleste talarane høyrer til akanfolket, den største av rundt 17 hovudstammar i Ghana.

Twi omfattar to tidlege litterære former av akan, asante-twi (ashanti) og akuapem, som er gjensidig forståelege. Akuapem-twi var den første forma av akan som blei brukt til ei bibelomsetjing, og blei dermed ein prestisjedialekt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Twi» frå , den 15. oktober 2018.

Kategori:Einskildspråk Kategori:Kwaspråk Kategori:Språk i Ghana Kategori:Språk i Elfenbeinskysten