Lofotposten er ei dagsavis som kjem ut i Svolvær. Avisa har ein redaksjon på Leknes og dekkjer i dag i hovudsak Lofoten. Marianne Steffensen Kielland er redaktør for avisa.

Avisa vart grunnlagt i 1896 av Joh. E. Paulsen og overtatt av a-pressa i 1995. Avisa fekk innsett ein NS-redaktør under krigen og kom ut gjennom heile krigstida. Avisa hadde stordomstida si på 50-talet med eit opplag på over 50 000 og dekte heile Nord-Noreg. Avisa spreidde seg over heile landsdelen mellom anna fordi fiskarane som var på lofotfiske hadde med seg avisa heim. I nyare tid har avisa fått konkurranse i heimemarknaden sin frå Lofot Tidende på Leknes og har tapt marknadsdelar i Vesterålen til Bladet Vesterålen og Vesterålens Avis.

Opplagstal

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Nordland Kategori:Lofoten Kategori:Svolvær Kategori:Skipingar i 1896