Lieselotte Westermann-Krieg, kjend som Liesel Westermann, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Sulingen i Niedersachsen som representerte Vest-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i diskoskasting både under EM 1966, OL 1968 og EM 1971. Westermann sette verdsrekord med 61,26 meter i 1967, ein rekord ho forbetra til 63,96 m i 1969. Sin endelege personlege rekord på 64,96 m oppnådde ho i 1972,

Aktiv Westermann tok steget opp mot verdseliten i 1965-sesongen, då ho som lengst presterte 55,81 m ved eit stemne i Ludwigshafen. Året etter sette ho personleg rekord med 57,38 m ved europameisterskapen 1966 i Budapest, noko som gav henne sølvmedaljen i tevlinga. Den 5. november 1967 vart Westermann i Sao Paulo den fyrste kvinnelege utøvaren som kasta diskosen over 60 meter med eit kast på 61,26 m. OL-sesongen 1968 forbetra ho seg til 62,54 meter i eit stemne i Werdohl i juli, tre månader seinare tok ho sølv under dei olympiske leikane i Mexico med eit bestekast på 57,76 m. Westermann avslo å delta i Friidretts-EM 1969 då den austtyske avhopparen Jürgen May vart nekta å ta del i meisterskapen. Få veker seinare, den 27. september 1969, forbetra ho verdsrekorden til 63,96 m i Hamburg. Ved europameisterskapen 1971 i Helsinki måtte ho ta til takk med sølvmedalje, klart slått av sovjetiske Faina Melnik som med eit kast på 64,22 meter også tok over som verdsrekordhaldar. Westermann gjorde sitt livs lengste diskoskast i Zürich den 12. august 1972, med 64,96 meter melde ho seg inn i det øvste favorittsjiktet til sommarleikane i München tre veker seinare. I München fekk ho opp eit lengstekast på 62,18 m og vart nummer fem. Ho la opp etter 1975-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Sølvmedaljen - 57,38 m, bakom Christine Spielberg (57,76 m) OL 1968 i Mexico-byen: Sølvmedaljen - 57,76 m, bakom Lia Manoliu (58,28 m) EM 1971 i Helsinki: Sølvmedaljen - 61,68 m, bakom Faina Melnik (64,22 m) OL 1972 i München: Nr 5 - 62,18 m EM 1974 i Roma: Nr 7 - 57,40 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Liesel Westermann» frå , den 18. oktober 2018.

World Athletics

Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972