Den norske brigaden i Skottland utgjorde hovuddelen av den norske hæren under andre verdskrigen. Han var på storleiken brigade og var for det meste forlagt til Dumfries i Skottland.
1940: Norwegian Army Camp Dumfries mini|Norske soldatar ombord på ein transportbåt ved Greenock i Skottland.
I august 1940 overtok Hærens overkommando kommandoen over Norwegian Army Camp, Dumfries, i Dumfries i Skottland. Leiren hadde starta i juni som Norwegian Reception Camp, Dumfries beståande av omkring 500 menn og kvinner, hovudsakleg utanlandsk-norske som hadde meldt seg frivillig til krigsteneste i Noreg under kampane våren 1940. Då Hærens overkommando overtok, var det 70 befal og omkring 760 meinige i leiren. Utover sumaren auka mengda til omkring 1500 sidan fleire nordmenn som var stranda i utlandet kom til. Nokon stor tilvekst vart det likevel ikkje, sidan mange søkte seg over eller vart overført til norsk og britisk marine, handelsmarine, flyvåpen eller spesialstyrkar (SOE).
Mannskapet i Dumfries var uniformert og hadde noko tyngre utstyr transportert over frå Noreg, mellom dei mitraljøser og artilleri. Væpning av den norske hæravdelinga hadde likevel på dette tidspunktet liten prioritet hjå britane. Utover hausten vart avdelinga tilført noko utstyr av vekslande kvalitet, for ein stor del overskotmateriell frå første verdskrigen.
Organisasjon Styrken i Dumfries var organisert som følgjer:
Ei øvingsavdeling Stabskompani 1. geværkompani 2. geværkompani 3. geværkompani Mitraljøsekompani Blanda kompani Sykkelryttarar Pionerar Samband Feltartilleribatteri.
I tillegg fanst det eit befalkurs, ei forsyningsavdeling og eit norsk sjukehus – Newlands Hospital. Deltakarar ved befalkurset fekk tilgang til alle kurs ved British Army Schools, men ikkje War Gas School.
Det norske kompani, Island Samstundes med at Hærens overkommando overtok i Dumfries, mottok dei melding om at norske frivillige på Island hadde organisert seg under leiing av løytnant Karl Hjelvik. I samråd med britiske styresmakter vart det bestemt at denne avdelinga skulle forsterkast med personell frå Dumfries, og setjast opp som eit skiløperkompani i den norske hæren under namnet Det norske kompani, Island.
Den norske hæren i skotsk lokalforsvar mini|Norsk soldat med mitraljøse i Coatbridge I desember 1940 godkjende War Office den norske styrken som stridsklar. Utover hausten hadde Glasgow vorte utsett for valdsame luftangrep, og det var allmenn frykt for ein tysk invasjon. Alle militære avdelingar i området var i alarmberedskap. To kompani frå Den norske brigaden vart forlagt til Coatbridge, medan eit kompani vart sett opp som nærforsvar på Heath Hall flyplass.
1941: Brigaden vert oppretta
Verneplikt for nordmenn i Storbritannia General Carl Gustav Fleischer hadde heila sidan han 19. juni 1940 vart utnemnd til sjef for Hærens overkommando, pressa på eksil-regjeringa for å få sett i verk utskrivning av alle nordmenn i vernepliktig alder på Dei britiske øyane. Den 22. august 1940 vedtok så Storbritannia Allied Forces Act, som gav allierte statars styresmakter til å utøva militær makt på britisk territorium. Etter lang tids nøling vedtok eksil-regjeringa den 13. desember ein provisorisk forordning om utskriving av alle mannlege norske borgarar frå 18 til 55 år til teneste i dei væpna styrkane. Den 31. januar 1941 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å innkalla dei årsklassene som ville fylla 19 år i 1941 og 1942.
Den norske brigaden Den 3. mars gav Hærens overkommando ordre om at at den norske hærstyrken i Skottland skulle organiserast som ein brigade. Den 15. mars vart så Den norske Brigaden oppretta, med oberst Oscar Sigvald Strugstad som sjef.
Jan Mayen-garnisonen I mars 1941 vart ein garnison beståande av 11 mann frå kompaniet på Island landsett på Jan Mayen, der ein meteorologisk stasjon og ein radiostasjon vart oppretta. Værtenesta på Jan Mayen var gjennom krigen av stor betyding for dei allierte konvoiane og flåteoperasjonane. Garnisonen vart regelmessig utsett for luftangrep, men leid ingen tap. Ein tysk operasjon for å okkupera Jan Mayen var planlagd, men vart skrinlagt i 1942.
Eit fjerde geværkompani vert oppretta Våren 1941 vart eit fjerde geværkompani sett opp, hovudsakleg med frivillige som hadde kome over til Storbritannia saman med styrkane som returnerte frå Lofotraidet. Feltbatteriet var no plassert i 127. Field Regiment, Royal Artillery i Insch, nordvest for Aberdeen. Dei fire geværkompania roterte for trening og innføring i britiske system hjå eit skotsk infanteriregiment, The Cameronians.
Militæravtalen med Storbritannia Den 28. mai 1941 underteikna den norske eksil-regjeringa ei omfattande militæravtale, Armed Forces Agreement, med britane. Avtalen definerte plassen til nordmennene i den allierte kommandostrukturen og anerkjende statusen deira som suverene nasjonale einingar tilhøyrande Kongeriket Noreg i allianse med Storbritannia (United Kingdom)». Andsynes landstridkreftane vart det fastslege at norske avdelingar og formasjonar skulle kommanderast av norske offiserar. Ein skulle nytta britisk organisasjon, men halda på alle regimentsfargar, merke og gradsdistinksjonane frå den norske hæren. Arbeidsoppgåvene til brigaden vart no uttrykkeleg spesifisert som forsvar av Storbritannia og frigjering av Noreg. Den 12. juni underteikna eksil-regjeringa Inter-Allied Declaration. Dermed var «nøytralitetslinja», som særleg utanriksminister Koht hadde freista å føra sjølv i eksil, gravlagd for godt.
Brigaden i invasjonsforsvar 10. juli 1941 vart dei fire geværkompania, mitraljøsekompaniet og pionertroppen flytta til Tain i Ross & Cromarty, der dei fekk ansvaret for invasjonsforsvar av eit større områ.
I oktober vart den operative delen av brigaden flytta frå Tain til Banffshire og Aberdeenshire, og fekk ansvaret for invasjonsforsvar av Aberdeenhalvøya. Området vart verdsett som særleg utsett for landsetting av luftbårne styrkar, og ein stor del av oppgåvene til troppane vart dermed bygging av forsvarsverk.
Evakueringen av Svalbard Hausten 1941 vart Svalbard evakuert etter avtale mellom Storbritannia, Sovjetunionen og Noreg. Ein tropp frå 2. kompani deltok ved evakueringa, som likevel føregjekk utan nokon kontakt med fienden. 349 av dei evakuerte nordmennene vart innrullerte i brigaden.
Garnisonen på Sør-Georgia Same månad segla 14 mann frå feltbatteriet til Sør-Georgia, der nordmennene etter anmoding frå War Office avløyste ein britisk vaktstyrke. Britane frykta på dette tidspunktet at tyskarane ville okkupera øya for å etablera ein flåtebase. Mannskapa var handplukka, ein stor del av dem var tidlegare kystartilleristar og/eller kvalfangarar som kjende området frå tidlegare.
Instruksjon av allierte ved Islands-kompaniet Òg i oktober vart det ved Islands-kompaniet starta instruksjon i skiløping og vinterkrigføring for allierte troppar. Mellom 1941 og 1944 fekk omkring 1000 britiske og 3000 amerikanske soldatar opplæring ved kompaniet.
1942: Omorganisering
Forsvarets overkommando vert oppretta 6. februar 1942 vart Forsvarets overkommando oppretta. Generalmajor Wilhelm von Tangen Hansteen vart forsvarssjef, medan generalmajor Johan Beichmann vart sjef for Overkommandoen til Hærens overkommando. General Fleischer vart beordra som sjef for dei norske styrkane i Canada, der han tok sjølvmord den 19. desember 1942.
Brigaden vert atter omorganisert Dei fire geværkompania vart omorganisert som bergkompani, bemanninga auka til 260 mann og eldkrafta betydeleg auka. Føremålet var å gjera kompania betre eigna til å støtta allierte styrkar under kamp i Noreg, og dessutan å setja dei istand til å operera på eiga hand. Det vart òg oppretta eit fallskjermkompani. I underkant av 100 frivillige var allereie opplærte og kvalifisert ved British Army Parachute School. Føremålet til brigaden var deretter 1) å assistera allierte styrkar ved ei militær frigjering av Noreg, 2) å etablera militær administrasjon i frigjorde område.
I april overtok brigaden igjen ansvaret for Ross & Cromarty. Brigaden byrja no trening med Scottish 52nd Mountain (Lowland) Division, som på dette tidspunktet var øyremerkt for innsats i Noreg. Norske liaisonoffiserar vart permanent utplassert til divisjonen.
Svalbardgarnisonen I slutten av april avga brigaden personell, dei fleste av dei tidlegare evakuerte frå Svalbard, til Sjøforsvarets overkommando. Desse soldatane vart grunnstammen i operasjon Fritham, ein 82 mann stor styrke under oberstløytnant Einar Sverdrup som skulle ta kontroll over gruvene på Svalbard. Den 30. april segla dei frå Greenock ombord DS «Selis» og «Isbjørn». Den 14. mai vart fartøya angripne av tyske fly i isen utanfor Barentsburg. Begge skipa vart senka og 12 mann omkom, inkludert Sverdrup. Dei overlevande greidde med fleire såra å ta seg over isen til Barentsburg, der dei overlevde isolert og under stadige luftangrep inntil dei vart berga av operasjon Gearbox den 2. juli. Svaldbardgarnisonen talte etterkvart inntil 172 mann, og vart forsterka med luftvern og kystartilleri for å kunna stå i mot dei stadige angrepa frå tyske fly og ubåtar.
Norske kystartilleristar i Skottland I juni 1942 avga brigaden 27 mann til Sjøforsvarets overkommando for trening som kystartilleristar. Det vart på dette tidspunktet anteke at det kunne verta behov for kystartilleri til forsvar av frigjorde område av Noreg. Styrken i kystartilleriet vart fram til våren 1945 bygd opp til over 600 mann, og bemanna etterkvart to stridklare kystartillerifort, Fort Nigg og Fort South Sutor, på nord- og sør-sida av Cromarty Firth. Dei to forta sorterte under 501 Coast Regiment i den britiske hæren.
I 1944 vart kystartilleristane tilbakeført til hæren for å betra koordineringen med det britiske kystartilleriet, som sorterte under hæren. I 1945 vart kystartilleristane konvertert til to luftvernsbatteri, med oppdrag å verna den norske marinen under eventuelle operasjonar i Noreg.
Norsk kvinnekorps, hæren I juli 1942 vart mobiliseringsordren utvida til òg å omfatta kvinner. Både hæren, marinen og flyvåpena oppretta eigne kvinnekorps. Kvinner innrullert i hæren vart organisert i Norsk kvinnekorps, hæren. På det meste tjenestegjorde det her 466 kvinner, inkludert autoriserte sjukepleiarar. Dei fleste av desse var i teneste ved brigaden i Skottland.
No. 5 Troop 10 Interallied Commando Hausten 1942 vart det vedteke å la mannskap frå 4. bergkompani, saman med frivillige frå dei øvrige kompania, danna basis for ein tropp i 10 Interallied Commando. 4. bergkompani vart etter detta oppløyst.
No. 5 Troop 10 Interallied Commando stod under Britisk kommando, men troppen var framleis ein del av den norske hæren og nytta norsk uniform. Troppen kom i kamp både ved deltaking i raid på norskekysten og frå november 1944 på kontinentet, der den mellom anna deltok i angrepet på Walcheren. Den vart tilbakekalt i februar 1945.
Den endelege organisasjonen til brigaden Brigaden var frå då av organisert slik:
Brigadekommando 1. bergkompani 2. bergkompani 3. bergkompani Fallskjermkompaniet Feltartilleribatteriet Carriertropp / Motorisert oppklaringseskadron MP-tropp Skule- og Øvingsavdeling
Carriertroppen var ein mindre oppklaringseining, sett opp med opne, beltedrevne køyretøy bevæpna med brengun. Etter innsats på Svalbard i 1943 vart troppen nedlagt. Frå hausten 1944 vart det oppretta ein motorisert oppklaringseskadron, sett opp med lette og tunge panservogner og 6-pundkanonane.
1943: Svalbard-garnisonen i kamp og invasjonsførebuingar 8. september 1943 vart Svalbard raida av «Scharnhorst» og «Tirpitz» med eskortefartøy. Ein langangsstyrke på omkring 600 mann øydela bygningar og utstyr i Longyearbyen og Barentsburg, og den norske garnisonen vart mellombels tvinga til å trekkja seg attende opp i fjella. Garnisonen hadde 7 falne og 41 tilfangetakne. Omkring 45 tyskarar omkom i kampane.