Ndola internasjonale lufthamn (Simon Mwansa Kapwepwe International Airport) (IATA: NLA, ICAO: FLSK) er ein flyplass i Koparbeltet i det nordlege Zambia, i Ndola, nær grensa til Kongo. Den vart offisielt kalla Ndola Airport før den i 2011 fekk nytt namn etter Simon Kapwepwe, den tidlegare visepresidenten i landet.
Flyplassen ligg om lag 272 km nord for Lusaka internasjonale lufthamn, Zambias største lufthamn, og 1 270 moh.Nautical Distance Between Lusaka Airport And Ndola Airport With MapElevation of Ndola Airport Den har to parallelle betong-rullebaner, ein på 1 219 m. og den andre på 2 514 m. Plassen betener òg andre byar i Koparbeltet, både innanlandske og internasjonale med både passasjerar og frakt.
Ulukker og hendingar
Ulukker Midnatt 17. -18. september 1961 havarerte Transair Swedens DC-6B i eit skogholt få mil nord for flyplassen Alle ombord, ei besetning på fem, alle frå Malmö, og elleve passasjerar omkom. Ulukkeårsaka vart aldri fastlslått, og det er bltt spekulert i om flyet var vorte beskutt av opprørssoldatar i Kongo, eller om det vart plassert sprengstoff om bord medan flyet stod på bakken i Léopoldville.
Aviation Safety Networks database
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Simon Kapwepwe internasjonale lufthavn» frå , den 24. oktober 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Accident history for NLA hos Aviation Safety Network Airport information for FLND hos Great Circle Mapper. Current weather for FLSK hos National Oceanic and Atmospheric Administration Kategori:Flyulukker Kategori:Zambia