Lorraine Vivian Hansberry () var ein afro-amerikansk dramatikar, forfattar og aktivist.
Hansberry var den fyrste svarte kvinna som fekk eit skodespel satt opp på Broadway i 1959. Det best kjende verket hennar, A Raisin in the Sun, tek føre seg konfliktane som oppstår når ein afro-amerikansk familie flyttar inn eit nabolag der berre kvite familiar bur. Stykket gir innsyn i kvardagen til svarte amerikanarar under rasesegregering i Chicago. Hansberry sin familie levde sjølv under segrering og utfordra dei restriktive Jim Crow-lovene på same måte som den fiktive familien i stykket. Dette enda eventuelt med ei sak ved USA sin høgaste rett, som fekk namnet Hansberry v. Lee. Tittelen for skodespelet fekk Hansberry frå diktet "Harlem" av Langston Hughes:"What happens to a dream deferred? Does it dry up like a raisin in the sun?"
Som 29-åring vann ho New York Drama Critic's Circle-prisen. Ho vart den yngste, femte kvinnelege og fyrste afro-amerikanske dramatikaren som fekk denne utmerkinga.
Hansberry flytta til New York, der ho jobba for det pan-afrikanske tidsskriftet, Freedom. Ved Freedom jobba ho saman med viktige intellektuelle figurar som Paul Robeson og W.E.B. Dubois som vart mentorane hennar. Mykje av arbeidet hennar i denne perioden var oppteken av den afrikanske frigjeringskampen og verknaden den hadde på verda. Hansberry er blitt identifisert som lesbisk, og seksuell fridom er òg eit viktig tema i mange av hennar verk.
Hansberry døydde av kreft i ein alder av 34 år i 1965. Før det rakk berre skrive eit skodespel til, The Sign in Sidney Brustein's Window som vart publisert i 1964. Ho var inspirasjonen bak Nina Simone sin song, "To Be Young, Gifted and Black."
Referansar
Kategori:Afro-amerikanske forfattarar Kategori:Afro-amerikanske aktivistar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske dramatikarar Kategori:USA-amerikanske aktivistar Kategori:Folk frå Chicago