mini|Sibirtatarar frå Omsk oblast i folkedrakt.

Sibirtatarar er ei gruppe urfolk frå Sibir, ei gruppe tatarar som historisk har budd i skogar og på stepper sør i Sibir frå noko aust for Uralfjella til Jenisejelva i Russland. Språket deira er sibirtatarsk. Sibirtatarane kallar seg sjølv Yerle Qalyq ('eldre innbyggjarar'), til skilnad frå volgatatarar, som har kome til området meir nyleg.

Ifølgje folketeljinga frå 2002 budde det rundt 500 000 tatarar i Sibir, men berre 9 611 av desse var sibirtatarar. Minst 400 000 var etniske volgatatarar, ei gruppe som stammar frå Volga-Ural og som slo seg ned i Sibir i koloniseringsperiodar.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siberian Tatars» frå , den 26. oktober 2018.

Kategori:Folkegrupper i Russland Kategori:Folkegrupper i Ukraina Kategori:Folkegrupper i Kasakhstan Kategori:Sibir