mini|Originalt postkort med nedsettande karikatur av Jim Crow. Jim Crow-lovane var ei rekkje lovar som gjaldt i fleire amerikanske delstatar mellom 1876 og 1965, særleg i Sørstatane.Bubar, Joe. (March 9, 2020). The Jim Crow North - Upfront Magazine - Scholastic. Retrieved June 7, 2021. Lovane innebar rasemessig segregering, gjennom å påby at dei offentlege områda der «svarte» og «kvite» kunne ferdast skulle haldast skilde. Dette gjaldt til dømes skular, sjukehus, offentleg transport, restaurantar og hotell. I realiteten innebar lovane, sjølv om dei gav uttrykk for at svarte og kvite var likeverdige, at svarte vart utsette for omfattande diskriminering med omsyn til utdanning, økonomi og levesett.
Jim Crow-lovane vart avvikla gradvis etter 1954, då høgsteretten i USA erklærte ei rekkje raseskiljelovar grunnlovsstridige. Dei siste lovane vart oppheva i 1964 og 1965 gjennom Civil Rights Act of 1964 og Voting Rights Act of 1965.
Opphavet til nemninga Omgrepet «Jim Crow» har vore i bruk i lang tid i USA, og skal skriva seg frå 1829, då den kvite artisten Thomas Dartmouth framførte songen og karikatur-dansen «Jump Jim Crow». «Jim Crow» vart deretter brukt nedsettande som kallenamn på svarte i USA, og etterkvart om raseskiljelovar, dei såkalla «Jim Crow-lovane».Woodward, C. Vann and McFeely, William S. (2001), The Strange Career of Jim Crow. p. 7 «Jim Crow Law» blei først nytta i 1884 i ein avisartikkele om ein debatt i kongressen. Han opptrer i 1892 i ein tittel i New York Times om at Louisiana innførte raseskilde togvogner.
Omgrepet er enno i bruk om tilhøva i USA på denne tida. Til dømes brukte president Barack Obama omgrepet fleire stadar i boka si Audacity of Hope.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jim Crow-lovane» frå , den 28. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
The History of Jim Crow, Ronald L. F. Davis – A series of essays on the history of Jim Crow. Creating Jim Crow – Origins of the term and system of laws. Racial Etiquette: The Racial Customs and Rules of Racial Behavior in Jim Crow America – The basics of Jim Crow etiquette. "You Don't Have to Ride Jim Crow!" PBS documentary on first Freedom Ride, in 1947. List of laws enacted in various states Ferris University page about Jim Crow Voices on Antisemitism Interview with David Pilgrim, founder of Jim Crow Museum from the US Holocaust Memorial Museum Jim Crow Era, History in the Key of Jazz, Gerald Early, Washington University, St. Louis, Missouri (esp. see section "Jim Crow is Born") Examples of Jim Crow laws Jim Crow Signs at A History of Central Florida Podcast Black Justice - American Civil Liberties Union, 1931
Kategori:Rasisme Kategori:Afroamerikansk historie Kategori:USA-amerikansk historie