mini|Ein gamal swagman fotografert kring 1910. «Waltzing Matilda» er ein kjend australsk song, skriven av den australske «bush»-poeten og journalisten Banjo Paterson til ein melodi av Christina Macpherson.
Visa handlar om ein omvandrande lausarbeidar, ein swagman. Dette var folk som gjekk frå gard til gard for å skaffe seg arbeide. Sekken eller pakninga som slike lausarbeidarar gjekk med på ryggen, vart kalla Matilda. I visa sit lausarbeidaren i skuggen under eit tre ved ein billabong (kroksjø) og kokar seg vatn, då ein sau kjem ned til vatnet for å drikke. Han tek sauen og stapper han i sekken, men vert oppdaga av bonden og tre politimenn som kjem til. For ikkje å verte arrestert for tjuveriet, som kunne føre til dødsstraff ved henging, druknar han seg i vatnet, og går deretter att på staden som eit spøkje som syng: «Who'll come a-Waltzing Matilda, with me?».
Songen blei ekstremt populær i Australia, særleg i militæret. Då Australia stemde over nasjonalsong i 1977 fekk han 28 % av stemmene, men «Advance Australia Fair» vann med 43 %. «Waltzing Matilda» er blitt verande ein uoffisiell nasjonalsong.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waltzing Matilda» frå , den 1. november 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Australsk musikk Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Banjo Paterson