Whistle Down the Wind er eit studioalbum av den amerikanske visesongaren Joan Baez, gjeve ut 2. mars 2018. Det var det første albumet hennar på nesten ti år. Albumet inneheld songar av artistar som Tom Waits, Josh Ritter og Mary Chapin Carpenter. Joe Henry produserte albumet.
Den 8. november 2017 annonserte Joan Baez at ho kom til å gje ut eit nytt studioalbum i samband med avskjedsturneen hennar i Europa i 2018.
Det vart produsert av Joe Henry og vart spelt inn i United Recording i Hollywood i California over ti dagar.
Den 8. januar 2018 vart songen «Whistle Down the Wind» tilgjengeleg på heimesida til Baez og var den første songen som kom ut frå albumet.
Innhald
Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Joe Henry – produsent
Salslister Liste (2018) PlasseringTyskland (Offizielle Top 100)8UK Americana (Official Charts Company)2
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Whistle Down the Wind (album)» frå , den 2. november 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2018 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Proper Records-album Kategori:Album produserte av Joe Henry