«North Country Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeve ut på det tredje studioalbumet hans, The Times They Are a-Changin' i 1964. Han framførte òg songen på Newport Folk Festival i 1963.
Songen har eit tilsynelatande enkelt format (ti vers på ABCB-rimskjema) akkompagnert med berre to akkordar (Cm og B). Teamet verkar å ha vore inspirert av Woody Guthrie om det harde livet i eit gruvemiljø som til slutt forsvinn. Kvar det er snakk om vert ikkje nemnt, men det var slike gruvestader i Minnesota, der Dylan voks opp.Epstein, Daniel Mark (2011) The Ballad of Bob Dylan: A Portrait. Harper
Det kjem ikkje fram før mot slutten av det fjerde verset at forteljaren i soga er ei kvinne. Songen endar trist då kvinna har mista ektemann, foreldre og broren, medan gruva er nedlagd og byen nesten tom, og snart vil barna hennar reise frå ho så ho blir heilt aleine og isolert.
I 1968 spelte Joan Baez inn ein versjon av «North Country Blues» på hyllestalbumet hennar til Dylan, Any Day Now.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «North Country Blues» frå , den 3. november 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Songar produserte av Tom Wilson