mini|Tuihonningetar på P. tenax Phormium tenax er ein fleirårig plante frå New Zealand og Norfolkøya. Han veks som ein klump av lange, reimaktige blad med ei lengd på opptil to meter. Endå lengre blomestenglar veks opp frå denne klumpen og blomstrar med raude eller gule blomar.
P. tenax er no utbreidd som prydplante, men har ei lang historie bak seg som fiberplante på New Zealand.Roger Holmes and Lance Walheim. 2005. California Home Landscaping, Creative Homeowner Press Fiberet blei brukt av maoriar sidan dei busette seg på New Zealand, mellom anna til klede, men også til reip og seglhttp://www.nzetc.org/tm/scholarly/tei-Gov09_02Rail-t1-body-d7-d2.html etter at europearar kom til regionen og minst fram til andre verdskrigen. På maori er planten kjend som harakeke. På engelsk blir han kalla New Zealand flax eller berre flax ('lin'), sistnemnde typisk på New Zealand. New Zealand hemp er også blitt brukt historisk i samband med sjøfart.
P. tenax er ein invasiv art på ein del stillehavsøyar og i Australia. Blada inneheld cucurbitacinstoff som er giftige for nokre dyr, og nokre av dei gjev ein av dei bitraste smakane menneske kan sansa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Phormium tenax» frå , den 4. november 2018.
Bakgrunnsstoff
Harakeke image gallery from Landcare Research - Manaaki Whenua James Hector. 1889. Phormium tenax as a fibrous plant, second edition, New Zealand. Geological Survey Dept, New Zealand, published by G. Didsbury, Government Printer, 95 pages
Kategori:Hemerocallidoideae Kategori:Planteliv på New Zealand Kategori:Hageplantar Kategori:Hageplantar frå New Zealand Kategori:Kulturplantar frå Oseania Kategori:Kulturplantar frå New Zealand Kategori:Fiberplantar Kategori:Medisinplantar Kategori:Aloefamilien